Sport | 08. juli 2018

Sterk skyting i Vestlandsstemnet

Både Maren Evensen og Daniel Myklebust Fjellstad leiar etter første dag.

Sterk skyting i Vestlandsstemnet
Ungdommen skyt bra på Vestlandsstemnet. Maren Evensen (foran i midten) og Daniel Myklebust Fjellstad (ståande til venstre bak Maren) leiar sine klasser (privat foto)
Andris Hamresøndag 08. juli 2018 07:56

Bildeserie:

Maren Evensen skaut 250 med 19 innertiarar og leier eldre rekrutt på bane (privat foto)
Maren Evensen skaut 250 med 19 innertiarar og leier eldre rekrutt på bane (privat foto)
1 av 1
Maren Evensen skaut 250 med 19 innertiarar og leier eldre rekrutt på bane (privat foto)

Denne helga er skyttarane frå Os Skyttarlag på Vestlandsstemnet. Der gjer dei det skarpt.

– Maren Evensen sette ny personleg rekord og leiar på bane med 250 poeng i klassen for eldre rekrutt. Ho skaut 19 innertiarar, fortel far Jan Kristian Evensen til Midtsiden.

– Daniel Myklebust Fjellstad leiar sin klasse i feltskytinga med 30/12 og ligg på sjuande plass på bane med 241 poeng.

– Men det er ikkje berre desse to som har skote bra. Maren er på 3. plass på feltskytinga med 30/27. Gaute Eide Bergstø, som også skyt eldre rekrutt, har skutt 30/19 på felt og 242 på bane. Sofie Evensen har 30/21 på felt og 247 på bane og ligg med det på femte plass i begge øvingane, fortel Evensen.

Finale på veteranane

Det er ikkje berre ungdommane frå skyttarlaget som har gjort det bra den første dagen.

– Det blir finale også på Oddvar Drange i V65 etter at han skaut 249 og ligg på femte plass. I V73 blir det også osingar i finalane. Reidar Dahle er klar med 29/15 på felt og 249 på bane, og på Oddvar Eikemo som hadde 30/21 på felt. Han ligg på 4. plass før finalen.

– Odd Gorm-Hansen hadde 29/21 på felt og litt stang ut på bane med 246. Einaste senior i klasse 5 var Rolv Lekven. Han skaut 239 og tok seg diverre ikkje til finalen. Kjekt var det å sjå Sølvi Løberg frå Strandvik som skaut 28/19 i klassa for nybyrjarar vaksne på felt. Det held til 2. plass. På bane skaut ho 243 og blei dermed vinnar av klassa, avsluttar Evensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.