Kultur | 29. mars 2019

Sterke solistar og stram regi

Bildeserie og video: Os ungdomsskule overbeviste med «This is me»!

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. mars 2019 10:47

Bildeserie:

This is me! Os ungdomsskule. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)

Maren Maltun. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)

Ida Gading Årdal. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)

Celine Bastiansen (med caps). (Foto: Kjetil V. Bruarøy)

Roksana Szymanska. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)

Ann Elisabeth Tveit, June Strønen Halhjem, Tonje Thorsnes Nybrot og Veronica Buvik. (Foto: Kjetil V. Bruarøy)

Rockevetaranar på dugnad, Kjetil og Dan-Jarle. (Foto: KVB)

Benjamin Nikolai Eliassen (gitar) og Marius Sirevåg Magnussen (piano) spelte for publikum for første gong. (Foto: KVB)

1 av 18

Torsdag kveld hadde 75 elevar frå valfaget sal og scene (9. og 10. trinn) ved Os ungdomsskule to framsyningar av «This is me».

• Les òg: Fame - Os style

Over 500 tilskodarar fekk med seg ein god time med fin musikk, fengande dans og godt skodespel.

Skuleframsyningane i kommunen held eit høgt nivå, men dette er noko av det beste vi har sett av elevar frå Os.

For det første stilte skulen med fire sterke solistar; Maren Maltun, Celine Bastiansen, Ida Gading Årdal og Roksana Szymanska. Midtsiden såg den siste av framsyningane, på den første var Kristina Dale òg solist. Elevane hadde dessutan laga dansane sjølv, og viste kule moves og god variasjon. Det einaste dei kunne øvd meir på var salsa.

For det andre var det ein stram regi. Med hyppige skifte av scene og kulissar, korte og morosame dialogar, blei det aldri langdrygt. Skifte av kulissar kunne gå i høgt tempo då fleire av elevane innan faget ikkje går i retning rampelyset, men jobbar som scenearbeidarar eller, som René Markhus, med lydteknikk.

Talentfulle og nøgde debutantar

Fleire av elevane har lite eller ingen scene-erfaring frå før.

– Eg speler saksofon med skulekorpset, men det var noko heilt anna å stå på scenen som solist, seier ho som fekk mest sendetid i siste framsyning, Maren Maltun.

Maren er dotter av Karianne Maltun frå koret Tilslørte Bondepiker. Innan song er ho sjølvlærd.

– Mamma hjelper ikkje til?

– Det blir mykje synging når vi køyrer bil i lag, men vi har ikkje noko systematisk songtrening heime, nei, seier Maren, nøgd og glad etter at showet var over.

Med rytmisk støtte frå rockeveteranane Dan-Jarle Køhler Raustein (bass) og Kjetil Osablod Grønvigh (trommer), var det fem elevar som sto for musikken; Benjamin Nikolai Eliassen, Marius Sirevåg Magnussen, Martin Hatlestad, Sondre Gaustad Tveit og Halvor Høyland.

Benjamin øver heime, men har tatt nokre gitartimar hos Jostein Berge. Marius har lært piano via YouTube. Begge spelte for publikum for første gong.

– Det gjekk ganske fint, og det var veldig gøy, synest dei to.

Elevane, som har øvd sidan september, har blitt leia av lærarane June Strønen Halhjem, Veronica Buvik, Tonje Thorsnes Nybrot og Ann Elisabeth Tveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.