Stole samband blei levert tilbake
– Vi ville gi vedkomande ein sjanse til å levera dei tilbake.
Natt til søndag blei det oppdaga at to av sambandsradioane til Os Taxi var stolne frå drosjebua.
– Det er truleg ein av sjåførane som har gløymd å låsa drosjebua på veg ut på oppdrag, og desse radioane låg på disken, og var nok det første vedkomande som opna døra såg, seier styreleiar Tor Anders Hauge.
I 20-tida i går la han ut ei melding på Facebook-gruppa Oppslagstavlo i Os. Med ei munter avslutting.
«Er det noen som kjenner til dette så er det bare å levere de på sentralen . Ingen spørsmål bare glede om vi kan få de tilbake».
Og glede blei det, nokre timar seinare låg radioane i ein pose utanfor døra.
– Vi investerte i nytt samband i fjor sommar. Det er kostbart, kryptert og veldig nyttig for oss. Sambandet har tre sim-kort, Telenor, Telia og Ice, og kan nyttast i heile EU. Men det er ubrukeleg for alle andre.
– Vi deaktiverte desse som blei stolne og bestilte nye. No fekk vi avbestilt desse, og vi synest det er kjekt å sjå at det går an å angra og gjera opp for seg, slik ein eller annan gjorde i går, seier Hauge.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.