Stor diesellekkasje etter uhell med buss
Må ta vassprøvar etter at kumlokk slo hol i tank.

Fredag i 16.30-tida fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Hegglandsdalsvegen.
– Det viste seg å vera ein buss som hadde problem, seier politibetjent Morten Haugland frå Bjørnafjorden lensmannskontor.
Bussen hadde fått slått hol i dieseltanken. Årsaka skal vera eit laust kumlokk som slo oppi.
– Det var ei stor mengde diesel som rann ut. Brannvesenet kom til staden for å prøva å redusera omfanget av forureining.
Uhellet skjedde innanfor industriområdet i Hegglandsdalen, ikkje langt frå Hegglandsvatnet.
Følgjer opp med vassprøvar
Brannvesenet har både absorberande massar og lenser, og jobba hardt for å hindra spreiing av diesel.
– Dei fekk tatt hand om mykje, men ikkje alt, så vi har oppretta ei undersøkelsessak. Det er vassdrag i området, og det blir følgd opp med vassprøvar.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.