Lokal | 17. mai 2020

Stort oppmøte til konvoi i Øyane

Regn og sur vestavind hindra ikkje øyafolket å stilla i 17.maitog i båt.

Små og store båtar var staseleg pynta til 17. maikonvoi i Øyane i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. mai 2020 12:31

Mens dei fleste andre i dag markerer grunnlovsdagen kvar for seg, i små grupper, la 17. maikomiteen i Søre Øyane opp til å vera saman, på avstand, i konvoi rundt øya.

Vêrmeldingane har vore dårlege lenge, og då det søndag blei klart at vinden blei som meldt, 6-7 m/s, blei ruta lagt noko om.

– Det har ikkje vore påmelding, vi er spente på å sjå kor mange som møter, sa komitémedlem Marie Lunde Bruarøy i strålande sol før start.

Marie L. Bruarøy, tilbake frå tale i Minneparken, klar for konvoi med familien. (Foto: KVB)

Men det såg ut som om få let seg skremma av dårleg vêrvarsel, rundt hundre båtar møtte fram.

Så steama det på med båtar. Og mørke skyer. Då Søre Neset Musikklag spelte til start, frå Vetlabruo, hølja det ned. Men resten av den vesle timen konvoien varte, blei med opphaldsvêr.

Regn og mørke skyer, men godt oppmøte. (Foto: KVB)

– Eg synest det var veldig godt oppmøte, og mange som hadde lagt ned ein kjempeinnsats i å pynta båtane, seier komitéleiar Rebekka Bruarøy Hamilton.

Etter at konvoien var slutt blei det kåra vinnar av best pynta båt.

Midtsiden kjem tilbake med stor bildeserie frå konvoien.

Mange hadde brukt tid på å pynta båtane til 17. maikonvoien. (Foto: KVB)

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.