Tatt med tang
Dei fleste fekk fisk då Os Jakt og Fiskelag inviterte born og ungdom til Fiskesommar på nyemoloen. Nokre fekk også litt tang med på kjøpet.
Bildeserie:
Torsdag hadde fiskelaget sin årlege kampanje retta mot born og unge i grunnskulealder.
Kampanjen Fiskesommar er riksdekkande i regi av Norges Jeger- og Fiskerforbund, som er sponsa av Statskog med 10.000 fiskestenger til spreidd utdeling til lokale fiskelag.
– Vi har rundt 25 ungar her og mange av dei har fått fisk allereie, seier Ove Lyssand frå Os Jakt og Fiskelag.
Nokre fekk smålyr, andre måtte kjempa litt for å få sprellande makrell på land.
– Det har gått litt makrell innom moloen, så då var det action.
Ungdomar kunne stilla på eigahand, ungar under 10 år måtte ha med seg vaksne. Fleire foreldre og besteforeldre stilte også til fiske på den nye moloen på Mobergsneset i finvêret torsdag ettermiddag.
Midtsiden samleside: Jakt og fiske
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.