Lokal | 21. juni 2012

Taua bil - taua mann

Ein bil havarerte på Halhjemsvegen i går - ein mann havarerte, mistenkt for bruk av narkotika, på Amfisenteret.

Taua bil - taua mann
Bilen med hengar hadde retning Os, men sto i grøfta inntil fjellveggen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juni 2012 07:48

Onsdag ettermiddag fekk politiet melding om bil i grøfta på Halhjemsvegen ved Lepsøykrysset.

– Ein bil med hengar, som hadde ein annan bil på hengaren, havarerte. Føraren kjørte den kontrollert ut i grøfta utanfor motsett kjørefelt før vi blei kontakta, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Politiet var også på Amfisenteret onsdag. Der tok dei hand om ein rusa mann på rundt 30 år.

– Patruljen tok han først til legevakt for sjekk. Han kom seg etterkvart som tida gjekk, så han blei dimittert etter legebesøket.

– Men det blir oppretta sak på episoden, for han er mistenkt for å ha brukt narkotika, opplyser Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.