Fotball | 05. aug. 2022

To lag frå Nore Neset og Os speler kvartfinale i dag

– Desse jentene har verkeleg imponert her borte, seier trenar Egil Thuen.

To lag frå Nore Neset og Os speler kvartfinale i dag
Trenarane Peter Armstrong (t.v.) og Egil Thuen saman med Nore Neset/Os J17-2. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. aug. 2022 08:54

– Straffen såg billig ut, seier Egil Thuen om den avgjerande episoden i Nore Neset/Os J17-1 sin 1/8-finale mot Utleira i går.

Førstelaget til Nore Neset J17 tapte 0-1 etter straffen.

Thuen er ein av trenarane på andrelaget, som vann 1/8-finalen 2-0 over tyske Fortuna Dresden på straffekonk.

– Vi delte laga inn meir eller mindre etter treningsoppmøte før ferien. Det resulterte likevel i to ganske jamne lag, og denne gjengen som har hatt litt mindre tid til trening i vår, har verkeleg vist god kampånd, og løpt skoa av seg i Norway Cup, skryter Egil.

Klokka 12.30 i dag speler dei kvartfinale mot Amasone FK.

– Vi har sett ein av kampane deira i opptak, og det er eit lag vi skal ha sjanse å slå. Samtidig er det vanskeleg å seia noko på førehand, ikkje minst sidan vi, og kanskje dei, har fleire skadar og slitne bein når vi no har kome til femte dag med kamp.

Os G19 hadde fri onsdag og vann to kampar på straffekonk torsdag. (Foto: Privat)
Os G19 hadde fri onsdag og vann to kampar på straffekonk torsdag. (Foto: Privat)

Sjølv om dei stiller med i hovudsak førsteårsjuniorar, har Os G19 også tatt seg til kvartfinale i A-sluttspelet.

I går ettermiddag leia dei 2-0 til pause over Ganddal, men motstandarane utlikna før full tid og kampen gjekk til både ekstraomgangar og, for Os sin del, dagens andre straffespark-konkurranse.

Der vann Os 5-3 etter to keeper-redningar og eit motstandarskot som gjekk over mål.

Os og er no klare for kvartfinale mot Dana Cup-vinnarane Mailantarki Care Sport frå Nigeria.

Kampen startar klokka 14.15 i dag.

Mailantarki Care Sport G18/19 slo Vidar 1-0 i finalen i Dana Cup for ei veke sidan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.