Lokal | 20. aug. 2013

Tok laks på 18 kilo!

Rekordfisk tatt i Oselvo: Tysdag litt før klokka 21 landa Eivind Aasen ein laks på utrulege 18 kilo. – Dette var veldig spesielt, seier den lykkelege fiskaren.

Tok laks på 18 kilo!
Eivind Aasen kunne glisa breitt etter å ha fått på land ein laks på 18 kilo litt før klokka 21 tysdag kveld (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 20. aug. 2013 20:39

Dei siste dagane har det vore tatt fleire store laks i Oselvo, mellom anna for vel ei veke sidan då Os-keeper Anders Kloven tok ein på 8,8 kg.

Etter det har Hugo Hjelle landa ein på 12,2 kg på Tøsdal og Jan Rotnes ein på 12 kg i Kvernhushølen.

Tysdag var det Eivind Aasen som skulle få den store opplevinga då han fekk napp i sone 2.

– Eg sto og kasta litt på autopilot og var eigentleg litt lei, då den hogg til.

– Eg tenkte det var berre å halda ut, for eg visste jo at det var fisk uti her, seier ein lykkeleg Eivind Aasen.

Stakk nedover

Laksen beit på ein raud og gul spinner med blankt blad.

– Han beit rett utanfor hytta i sone 2 og ville gå nedover etter at den var på kroken.

– Eg sette tommellen på snella, sette sjøbein og rygga bakover. Eg var sikker på at eg skulle mista den, men den sat godt på kroken.

- Kor lang tid brukte du å få rekordfangsten på land?

– Eg veit ikkje, dei seier det tok mellom fem og ti minutt. Du veit eg mista heilt omgrep om tid.

– Heldigvis var Tore Engelsen Moberg i nærleiken og kunne hjelpa meg med å få den i håven og på land, smiler Aasen.

Den største på 30 år?

Aasen sin fangst på 18 kilo er den største i Oselvo på mange år.

Men den skal ikkje vera den einaste som er tatt i denne vektklassen. Etter det Midtsiden kjenner til blei det tatt nokre laksar på 17 til 19 kilo i slutten av 70-talet og starten på 80-talet.

Det skal også gå rykte om ein fangst på 24 kilo på 1930-talet ein gong.

– Er det den største du har fått?

– Nei, eg har ein på 18 kg frå Stryn tidlegare. Men dette var noko heilt anna og ei veldig spesiell oppleving.

– Oselvo er noko for seg sjølv, meiner Aasen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.