Lokal | 30. sep. 2014

TV-drama for Bjørn

Bjørn Mogenstad rauk sundag ut frå Farmen. Tysdag blei det nytt TV-drama, då den Os-baserte kokken, gjesta God Morgen Norge på TV2.

TV-drama for Bjørn
Bjørn Egil Mogenstad, her heime i produksjonslokala i Industrivegen, fekk ein heftig start på karriera som TV-kokk (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 30. sep. 2014 08:03

Bjørn Egil Mogenstad, starta tidlegare i sommar matforedlingsverksemda Su:Vidd saman med Steffen Færø, i Industrivegen på Os. Landskjent blei Bjørn då han no i september dukka opp som ein av deltakarane i Farmen på TV2, kor han mellomanna avslørte sin store fobi for paddar.

Sundag rauk han ut frå Farmen, etter å ha tapt kunnskapskonkurransen mot Daniel Godø.

Tysdag skulle den Os-baserte kokken ta over for TV2 sin faste God Morgen-kokk, Wenche Andersen, i morgensendinga. Det gjekk ikkje heilt som planlagt, og endte med politi- og brannutrykning til TV2 sitt studio på Karl Johan i Oslo.

– Eg var inne på kjøkkenet og skulle førebu litt til sendinga i dag. Eg gjekk ut i studio, og etter nokre minutt hørte vi at alarmen gjekk.

– Då vi kom ut att på kjøkkenet så var vifta falt ned frå viftehetta og var antent.

– Det er viktig at folk ikke tror at dette er noe sabotasje, seier Mogenstad til TV2, med referanse til opphaldet på Farmen.

Etter at brannvesenet og politiet hadde fått kontroll på situasjonen, kunne Mogenstad helda fram med å laga den sousvide-laga kyllingen.

– I dag blir det brent purreløk som vi er naudt til å supplera kyllingen med, fortalde Mogenstad til programleiarane Signe Tynning og Espen Fiveland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.