Lokal | 16. okt. 2020

Ungdom sat i fiskeskur og røykte hasj

– Den yngste var 13 år, fortel politiet.

Ungdom sat i fiskeskur og røykte hasj
Fiskeskuret i sone 1 i Oselvo er det første du kjem til etter parkering i Landboden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. okt. 2020 07:16

Torsdag litt over klokka 17 kom politiet over ein gjeng på fem ungdomar som hadde samla seg i eit skur ved Oselvo, ikkje så langt frå Os ungdomsskule.

– Det blei funne brukarutstyr nær der dei sat. Alle blei tatt med inn på lensmannskontoret, og fleire av dei gav utslag på cannabis, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Fleire av ungdomane innrømte òg å ha røykt hasj.

– Ungdomane er frå 13 til 17 år gamle, både gutar og jenter. Foreldre blei kontakta. Vi følgjer opp i straffesak-spor for dei eldste og forebyggande for dei yngste.

Har høg prioritet framover

Politiet seier dei også tidlegare har fått melding om samling av ungdom ved elva, og mistanke om narkotikamisbruk.

No reagerer dei på gårsdagens funn, spesielt alderen på dei yngste.

– Vi har tidlegare i haust bestemt ei auka satsing på ungdom, og vil vera meir synleg der ungdom samlast. Der er det dessverre auka sjanse for at det oppstår uheldige og straffbare situasjonar.

Politiet har fått fleire meldingar om samling av ungdom langs elva. (Foto: KVB)
Politiet har fått fleire meldingar om samling av ungdom langs elva. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.