Lokal | 31. des. 2011

- Vær roleg

Veterinær Eva Kristin Lunde har sjølv hatt skremte hundar nyttårsaften. Her er hennar tips.

- Vær roleg
Vetrinær Eva Kristin Lunde med adapteren som skil ut lukt som kan roa hundane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 31. des. 2011 09:51

Det er ikkje alle som synes det er like kjekt med lyden og lysa frå fyrverkeriet når det sett i gang i kveld. Husdyr som hunder og katter kan lett la seg skremme av dei mange inntrykka. Då kan det vera greit for deg som eigar å gjera litt for at opplevinga ikkje skal bli så skremmande.

- Det viktigaste er at du ikkje bygger opp under frykta til dyret. Om du stressar med og kavar på blir dyret berre meir stressa, forklarar veterinær Eva Kristin Lunde ved Osøyro Dyreklinikk.

- Sett på roleg, gjerne klassisk musikk, trekk for gardinane eller gå i eit rom utan vindauge slik at synsinntrykka blir dempa og vær roleg saman med hunden, er vetrinærens tilråding.

Ein ting du ikkje bør gjøra om du har ein redd hund er å ta den med ut eller å gå fra den. Være saman med den heile kvelden.

Beroligane adapter

Det finns òg hjelpemidlar ein kan nytta, mellomanna ein adapter med ferromoner.

- Den skil ut lukt av same type som jura hos ei tispe og har ein beroligande effekt på hundar. Vi menneskje kjenner ikkje noko av lukta sjølv.

- Den bør helst settast på i det rommet hunden pleiar å opphalde seg i god tid før nyttårsfyrverkeriet startar, forklarar Lunde.

Endel nytter også beroligande midler i tillegg til adapteren.

- Nytter ein det er det likevel viktig å vera saman med hunden og opptre roleg og kontrollert, avsluttar Eva Kristin Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.