Lokal | 16. mai 2020

Video: Ei maihelsing frå Os kyrkje

Song, dans, musikk og skriftlesing i Os kyrkje, Os hamn og på Lysøen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. mai 2020 10:53

Med diakonale midlar og i samarbeid med Midtsiden har Os kyrkjelyd laga ei maihelsing i form av video.

I helsinga over får du skriftlesing, musikk, dans og song spelt inn ulike stadar i Osbygda.

– Vi ønskte å laga ei brei og god sending som lukta litt sjø, litt heimbygd, seier diakon Ingrid Vik.

Ungar frå 5. trinn dansa Bli med-dansen saman med representantar frå Bjørnafjorden brann og redning, Svante Havåg held andakt, Kate Larsen speler fiolin, Gro Helen Blindheim Skjælaaen syng, Inger-Johanne Haugland fortel om Ole Bull og Per Torgeir Nilsen i videoen som du ser over.

Diakoniet i Os kyrkjelyd rettar ei takk til alle som bidrog, og til KODE for velvilje på Museet Lysøen, til brannvesenet, til John Lepsøy ved Oselvarlaget og til alle dansarane (inkludert Terje Eikeland og Ingvild Hallesby Evjedal, som ikkje er i rulleteksten på slutten).

– Eg håper dette er ein film mange vil setja pris på, både denne 17. maihelga og seinare i mai, p institusjonar i Bjørnafjorden og heime i stovene, seier Ingrid.

Om diakoni: Jesus brydde seg om menneska. Han forkynte og han hjalp menneske. Han helbreda sjuke og han ga utstøytte ein plass i fellesskapet. Ifølge Bibelen nytta Jesus begrepet diakonos ('tenar') om seg sjølv. Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.