Meining | 04. mars 2024

Vil vi i framtida sitja att berre med neglesalongar på Osøyro?

DEBATT: Om Vinmonopolet vil flytta, er det viktig at kommunen tar grep.

Vil vi i framtida sitja att berre med neglesalongar på Osøyro?
Os hamn og Os sentrum sett frå lufta, her i 2017. (Foto: Varde Film)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. mars 2024 18:17

Om Vinmonopolet flyttar, blir det endå meir «stusseleg» på Osøyro.

Det er trist for alle som har vore glade i, ja nesten litt stolte av, Os sitt sentrum.

At Vinmonopolet treng større plass er forståeleg, men det kan dei få begge plassar. Det som ikkje er lett å forstå, er at tilkomst og parkering ved Irisgården er blitt så kaotisk, ja nærmast farleg.

Korleis det vanskelege krysset ved brua kunne bli godkjend, etter utbygginga ved elva, er mest uforståeleg.

Vil vi i framtida sitja att med berre hud-, hår- og neglesalongar på Osøyro?

Når kommunen no har makt til å avgjera plassering av Vinmonopolet, meiner eg det er på høg tid at dei tek grep, og får fart på Osøyro igjen!

Hans Ingebrigtsen

---------------------

Midtsiden har, i nyhendebrev, invitert lesarane til å dela sine meiningar.

Fleire enn Ingebrigtsen har sendt inn, men noko kortare.

Auf Kristiansen: Synes Vinmonopolet bør være sentrumsnært. Grunnen er mer liv på Øyro. Vi har mye båtturister og bobilturister (hele året) og, ikke minst, mange nye leiligheter i og ved Os sentrum.

Franzie Lerch: Polet må bli i Os sentrum, som holder på å «dø ut» av mangel på aktivitet. Nå må politikerne bruke hodet. De snakker og snakker om «liv på Øyro». Da må de ikke pushe det lille livet som er opp til Amfi.

Også i samband med deling av sak på Facebook om mogleg flytting har det kome meiningsinnlegg. Der er det folk som talar for både AMFI Os og Os sentrum, med noko overvekt på Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.