Kultur | 13. sep. 2023

Ville ta bilde av skog. I framtidsversjon

Hallseth tok turen til Tsjernobyl, torsdag opnar han utstilling i Bergen.

Ville ta bilde av skog. I framtidsversjon
Naturen tar over. Det menneskeskapte blir viska ut. Dette er eitt av dei 12 bilda Hallseth stiller ut i Bergen. (Foto: Halfdan Hallseth)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. sep. 2023 20:22

– Vi er ekstremt midlertidige. Det gjeld òg det vi har skapt, bygningane og byane våre, mens resten av naturen er uendeleg.

Halfdan Hallseth går mykje tur i heimbygda Lysefjorden, i skogane rundt klosterruinane og opp til Lyshorn.

– Det er både for mosjon og foto. Eg har òg tatt ein del bilde når eg har besøkt slekt i Danmmark og Australia.

Så byrja han å tenkja større.

Han byrja å sjå for seg korleis det ville vera å reisa fram i tid og ta bilde av naturen i ei futuristisk verd.

– Så kom eg på at ei reise til Tsjernobyl kunne gi meg det eg jakta på.

I morgon, torsdag, opna Hallseth utstillinga «Chernobyl Series» på UpNorth Art Society i Strandgaten i Bergen.

– Eg er takksam for at galleriet tar imot meg! Dette er mi første kunstfotoutstilling, ei separatutstilling som skal stå i ein månad. Eg stiller ut 12 av bilda eg tok i Tsjernobyl, nokre av dei er allereie selt.

Fekk behov for assistent

Tsjernobyl ligg i Ukraina, åtte mil nord for Kyiv, og er kjent for ulykka i 1986, verdas største atomkraftulykke, og for mangelfull varsling frå det som den gong var Sovjetunionen.

Mengda radioaktiv stråling var 400 gongar større enn utsleppa i samband med atombombene i Hiroshima og Nagasaki.

Hallseth fekk eigen guide og tilgang til andre stadar enn der turistgrupper ferdast. (Foto: Finn Greve-Isdahl jr.)
Hallseth fekk eigen guide og tilgang til andre stadar enn der turistgrupper ferdast. (Foto: Finn Greve-Isdahl jr.)

– Eg fekk tre dagar i Tsjernobyl, og ein veldig dyktig guide som tok meg med på stadar der vanlege turistgrupper ikkje ferdast.

– Samtidig var strålevern og tryggleik ivaretatt, det var stadar vi måtte køyra fort forbi, og eg fekk for eksempel ikkje lov å legga frå meg kamera eller anna utstyr på bakken. For å unngå stråling på utstyret måtte eg ha ein assistent som kunne halda det for meg, om eg for eksempel skulle skifta objektiv på kameraet.

– Vakkert og skremmande

– Chernobyl Series ble utløst av et ønske om å reise inn i fremtiden. Den fengslende utstillingen utforsker det dype samspillet mellom tid, menneskelig eksistens og natures uomtvistelige kraft, skriv UpNorth Art Society om utstillinga.

– Det var utruleg vakkert, men samtidig skremmande å sjå korleis naturen er i ferd med å overta Tsjernobyl. Kor kraftifull naturen er og kor raskst vi menneske og bygningane våre kan bli viska ut.

– Du trur gjerne at det tar fleire hundre år, men allereie på nokre få tiår så gror det igjen. Eg kunne for eksempel ikkje sjå kor byen og gatene slutta og skogen starta.

– Byen var ny, og det budde rundt 15.000 innbyggarar her. Så kom eksplosjonane og strålinga. Likevel er byen allereie i ferd med å gro igjen.

– Vegetasjon knuser seg gjennom betong, høge bygg er skjult bak planter og det veks høge tre på taka til 10 etasjar høge bygg.

Fleire kunstar

Det blir servert forfriskande saker og musikk av DJ Lugo under vernissasjen i morgon kveld.

Hallseth, som både er filmskaper, skodespelar og reklamefilmfotograf med selskapet Fjord Productions, ser fram til både opninga og til neste veke.

– Eg er der naturlegvis på opninga, og så kjem eg tilbake til UpNorth i neste veke for samtale om turen og prosjektet. Eg gler meg til begge delar.

Også på filmfronten er det spennande tider, men fotokunst kan det òg bli meir av.

Halfdan har sete modell for verdskjent fotograf. Her fotografert av kollegaer frå Bjørnafjorden. (Foto: Hanne Catrine Andersen/Isabel Furhovde/Fjord Productions)
Halfdan har sete modell for verdskjent fotograf. Her fotografert av kollegaer frå Bjørnafjorden. (Foto: Hanne Catrine Andersen/Isabel Furhovde/Fjord Productions)

– Målet er å få vist bilda i fleire byar. Eitt av dei blei vist på eit galleri i Oslo for eit par år sidan. Turen til Tsjernobyl var i 2019, men eg hadde andre ting å gjera på under pandemien enn å førebu utstilling. No kjennest det godt ut å vera i gang med fotoutstilling.

Seinare i september blir det Oslo-tur. Då som modell.

– Eg blei casta hos den verdskjente fotografen David Yarrow. Han tar fantastisk spennande bilde, blant anna av dyr og av arrangerte western-liknande settingar. Tre av bilda han tok av meg i juni er del av fine-art-utstillinga han opnar i Oslo. Han gav meg òg fine tilbakemeldingar på bilda eg viste han frå Tsjernobyl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.