Samferdsle | 03. des. 2023

Vinterpause for arbeidet på Lepsøybrua

Vil stipla ei linje for fotgjengarar før nyttår.

Vinterpause for arbeidet på Lepsøybrua
Fortauet på Lepsøy-sida av toppen av brua er skrapa vekk. No er det pause i arbeidet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. des. 2023 13:57

Måndag 21. august starta arbeidet med vedlikehald av Lepsøybrua, ein jobb som skal vera ferdig 15. oktober 2024.

Før helga fortalde Vestland fylkeskommune om status og vinterpause i arbeidet.

– Vi held fram når vêret tillet det. Truleg i mars eller april, skriv Vestland fylke.

Mens arbeidet pågjekk, og når det blir tatt opp igjen, kan entreprenør ved behov stenga for trafikk på nattestid, inntil to timar utanom rush på dagtid og inntil 30 minutt òg mens trafikken er stor.

Status i dag er at fylkeskommunen saman med BMO Entreprenør no har fått på plass eit prøvefelt på Lepsøysundet.

Det er eit felt på 30 meter, der dei skal testa korleis blant anna trafikkavvikling og tekniske løysingar fungerer.

– Vi testar dette gjennom vinteren, for å finne ut korleis vi skal gjera arbeidet med resten av brua.

– Vi oppmodar alle til køyre ekstra forsiktig gjennom vinteren, no når ein del av fortauet er fjerna.

Fortau frå midten på brua, altså toppen, og ned til Lepsøy, er heilt fjerna.

– Det blir jobba med trafikksikringstiltak for mjuke trafikantar der fortauet er fjerna. Det skal på plass skilting og ei kvit linje som skal skilja mjuke trafikantar frå biltrafikken.

– Vi jobbar for at dette skal vere på plass i løpet av veke 49/50, opplyser Vestland fylkeskommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.