Kultur | 12. nov. 2023

Viste seg fram før dei skal «innvia» scene

Skulekorps i vekst byr på teaterkonsert på ein scene som ikkje har vore på utlån før.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. nov. 2023 07:20

Laurdag kunne handlande høyra korpsmusikk frå andrehøgda på Amfisenteret.

På repertoaret sto alt frå ABBA til «This is me» frå The Greatest Showman.

– Det er eit ensemble av dei eldste i skulekorpset som står for musikken i dag, fortel leiar Ingeborg Steinkjer.

Bildeserie:

1 av 2

På gateplan gjekk dei yngre musikantane og selte lodd.

– Det gir kjærkomen inntekt til korpset, men vi er her først og fremst for å marknadsføra musikkteateret vi skal framføra neste helg.

«Jakten på kammertonen» går to gongar søndag om ei veke. Scenen er i Os Aktiv.

– Det blir kjekt å spela på den scenen! Det er vår første gong, og eg forsto det sånn at vi er dei første utanom ungdomsskulen sjølv sombruker den scenen.

Os ungdomsskule har hatt fleire fine framsyningar i huset som opna i 2020.

Les ògGrease-framsyning gav gåsehud

«Jakten på kammertonen» er ein teaterkonsert der aspirantar og juniorar stiller som skodespelarar mens hovudkorpset står for musikken.

– Vi mista dessverre mange musikantar under pandemien, men heldigvis har rekrutteringa vore veldig god etterpå. Os skulekorps har no 50 musikantar, fortel Steinkjer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.