Sport | 21. juni 2020

Anders Grasdal slo hole-in-one

Den første sidan 2011 på Bjørnefjorden sitt par 4-hol.

Anders Grasdal slo hole-in-one
Anders Grasdal, her på parturnering i går, slo sin tredje hole-in-one på Bjørnefjorden golfklubb måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. juni 2020 09:55

Anders Grasdal, som i pinsen stakk av med førstpremien, ein tur til Tyrkia, i Belka Golf Nordic Open av stabelen hos Bjørnefjorden Golfklubb, sto måndag for ein ny bragd.

– Eg var eigentleg ferdig for dagen, etter ein runde med Magnus Engevik. Men så kom foreldra mine for å spela, og eg bestemte meg for å gå ein runde med dei òg, fortel Anders til Midtsiden.

Det kan løna seg å bruka litt tid saman med foreldra sine; på hol 12 (identisk med hol 3, sidan BJGK er ein 9-holsbane) blei det hole-in-one!

Arve Grasdal og Karin Heggland Grasdal blei vitne til sonen sin bragd.

Har berre skjedd éin gong før

– Dette er eit par 4-hol, noko som gjer prestasjonen endå meir imponerande, seier dagleg leiar Bjarte Wiberg.

Berre éin person har tidlegare klart hole-in-one på hol 3/12, etter at banen blei lagt om, og det er Lars Erik Løvaas i 2011.

No kjem Grasdal på «wall of fame» i klubbhuset igjen.

– Eg har tre hole-in-one frå før, to av dei er her oppe, fortel Anders, som i går spelte parturnering med Magnus i Golfhefte Trophy utan å koma høgt på resultatlista.

No kjem Anders Grasdal på wall og fame igjen. (Foto: KVB)
No kjem Anders Grasdal på wall og fame igjen. (Foto: KVB)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.