Meining | 13. des. 2023

Det har aldri vore så viktig som no å staka ut ein stø kurs

DEBATT: Eit næringsliv som treng forutsigbare og verdiskapande rammevilkår.

Det har aldri vore så viktig som no å staka ut ein stø kurs
Synnøve R. Mowinckel. (Foto: Eirin Eriksen Horvei)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. des. 2023 10:11

Å ta val og prioritere er vanskeleg, spesielt når vi alle veit at det er tøffe tider i Bjørnafjorden. Dette er det kommunestyret står ovanfor. Desse vala vil påverke lokalbefolkninga og næringslivet vårt.

Det har aldri vore så viktig som no å staka ut ein stø kurs. Å halde fokuset på at Bjørnafjorden er og vil være ein attraktiv kommune å etablere seg i – i dag og i framtida, er heilt sentralt.

Vi er så heldige at vi har eit sterkt og stabilt næringsliv på begge sider av fjorden – eit næringsliv som bidreg lokalt og kommunalt.

Eit næringsliv som treng forutsigbare og verdiskapande rammevilkår. Utfordringane har lagt på rekke og rad dei siste åra – både lokalt og internasjonalt. Det er vanskeleg å sjå inn i krystallkula for ekspertane om renta har nådd toppen eller straumprisane skal opp eller ned.

På tross av dette er det store deler av næringslivet vårt som gjer det veldig bra – og det bør motivere oss alle til å satse litt ekstra her i Bjørnafjorden.

Å ha ein berekraftig vekst og utvikling av næringslivet vårt, der vi har rikeleg tilgang til kompetanse, areal, straum, og ikkje minst gode levevilkår for arbeidsstyrken, gagnar oss alle.

Det har vore mange lesarinnlegg den siste tida om dei mange føreslåtte kutta. Innbyggare og næringslivet er bekymra.

Eit samla næringsliv på «Fusasida» av Bjørnafjorden skriv i eit lesarinnlegg førre fredag, 8. desember, at dei er bekymra for dei «negative verknader for liv, helse, beredskap og negative utviklingsmoglegheiter for «Fusasida» av Bjørnafjorden.»

Det er viktig å anerkjenne at næringslivet utgjer grunnlaget for vekst og velstand i kvart lokalsamfunn. Om bedriftene våre skal vekse og fortsette å investere lokalt, må dei ha moglegheiter til å kunne tiltrekke seg gode tilsette med riktig kompetanse – då må vi har gode levevilkår på begge sider av fjorden – og får vi dei til å busette seg i kommunen blir det skattepengar i ein slunken kasse.

Med blant anna utviklinga av Samnøy, der Bolaks og andre aktørar satsar for fullt, må vi stå klare til å ønske nye Bjørnafjordingar velkomen med god boligutbygging, gode skolar, og ein infrastruktur som støttar oppunder gode og trygge levevilkår for alle.

Tenk kor heldige vi er i kommunen som er rik på mangfald, engasjerte, kreative innbyggare med stor stå på vilje og evne til å få til nyskapning eller ta vare på eksisterande verdiar rundt om i heile kommunen.

Nedbygging av bygdene er ei utfordring som mange lokalsamfunn står ovanfor i dag. Manglande tilgang til kompetanse forsterkar denne utfordringa, då det blir vanskelegare for bedrifter å tiltrekke seg talent og for innbyggjarane å oppretthalde ei høg livskvalitet.

Med eit sterkt samarbeid kan vi bygge ein framtid der lokalsamfunna våre blømer og har ei berekraftig og attraktiv utvikling.

Det blir nok ikkje tilsett ein ny næringssjef i kommunen med det første, og da er det enda viktigare at næringslivet og kommunen spelar på lag – vi må jobbe saman til det felles beste!

Og vi avsluttar med ein oppmoding til alle Bjørnafjordinger – husk å handle dine julegåver lokalt!

Riktig god jul frå alle oss i Bjørnafjorden Næringsråd!

Synnøve Mowinckel
Dagleg leiar i Bjørnafjorden Næringsråd

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.