Fotball | 28. aug. 2023

Ambisjonar og ressursar hos fotballjenter

Ei NHH-undersøking leia til «Jenter vil mer»-kampanjen. Kva er status i Osbygda?

Ambisjonar og ressursar hos fotballjenter
LEIARAR I DIALOG: f.v.: Eirik André Hesthamar, Endre Brenne, Kine Lunde og Benjamin Norenes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. aug. 2023 17:01

I førre veke blei «Jenter vil mer»-kampanjen lansert.

Kampanjen blei til etter ei undersøking av NHH som viser at jenter ofte har høgare ambisjonar enn foreldre og trenarar trur, og derfor kan få tilført færre ressursar enn gutelaga.

No vil Sparebanken Vest saman med klubbane SK Brann, Sogndal Fotball og Arna-Bjørnar løfta jentefotballen på Vestlandet.

Lag kan søka om støtte til treningsleir, trenarkompetanse og fotballdag, klubbar kan søka om å bli ein av fem klubbar som blir tatt inn i ei fadderordning.

Sparkar kampanjen opp opne dører i Osbygda?

Os er ei bygd som har fostra fleire spelarar til øvste nivå dei siste åra, som starta forbildeprosjektet «Jentefotballdagen», har sterke ungdomslag og eit damerlag som speler framfor fleire hundre på tribunen helg etter helg.

Vi har spurd Hesthamar, Brenne og Lunde frå Nore Neset il og Os Fotball om dei kjenner seg igjen i undersøkinga - og kva som er status i dag.

Men først, sjå denne videoen:

– Vi sat akkurat og planla Jentefotballdagen 2023, det var på tide å få denne i gang igjen etter pandemien, då vi fekk høyra om «Jenter vil mer», fortel Endre Brenne, dagleg leiar i Os Fotball.

I dag blei invitasjonen lagt ut, på vegner av alle klubbane i Bjørnafjorden kommune. Jentefotballdagen 2023 går av stabelen laurdag 28. oktober.

– Jentefotballdagen var jo ein suksess frå start, eit opplegg som både gav god rekruttering og vekte merksemd hos fleire klubbar. Vi reiste rundt og heldt foredrag om denne, og det blei ein mal for fleire, legg Eirik André Hesthamar til.

Han er dagleg leiar på Nore Neset il.

Med seg hadde dei to karane Kine Lunde, tidlegare 1. divisjonsspelar, no styremedlem i Os Fotball og lagleiar for Nore Neset/Os jenter 17, som vann vårserien i 2. divisjon i år.

Opptur og stillstand

Mykje har skjedd i kjølvatnet til Jentefotballdagen.

Gode generasjonar har vakse opp, blant anna 2003-årgangen, som tok seg til Norway Cup-finale, vann kretsmeisterskap og Adidas Cup.

I dag utgjer dei stamma på damelaget til Os, eit lag som i fjor hadde 480 publikummarar på serieopninga - og utover fjoråret og i 2023 har fått påfyll av fleire yngre, flinke jenter.

– Også ressursbruken er ein heilt annan no. Damene har nytt utstyr, er med på treningsleiar dei åra vi reiser og det er billettsal med same pris for å sjå damene som herrelaget, seier Brenne.

– Han skal av no, seier Kine om neglelakken ho fekk montert på seg før Norway Cup. (Foto: KVB)
– Han skal av no, seier Kine om neglelakken ho fekk montert på seg før Norway Cup. (Foto: KVB)

– Vi tilbyr òg, så langt vi får tak i kvalifisert personell, å gi eksterne trenarkrefter til jentelag i ungdomsalder. At dei, som gutane, slepp å ha foreldra som trenarar, legg Lunde til.

Undersøkinga til Norges Handelshøgskule viser at 1 av 4 jenter seier at hovudmotivasjonen for å spela fotball er eigen utvikling, mens berre 1 av 10 foreldre trur det same om jentene.

Lunde kjenner seg berre delvis igjen i funnet i undersøkinga.

– Det er begge delar. Vi har dei som ser ut til å vera med på gøy, og som gjerne er avhengige av at minst ei av venninne også er der. Men det er mange jenter som verkeleg ønskjer å bli gode, og både foreldre, trenarar og klubb tar jentene på alvor.

– Det er uansett, både på jentesida og gutesida, ei heilt anna oppfølging enn då eg var ung. Det var ingen foreldre og såg på treningsøktene våre, for å seia det sånn, seier Kine og ler.

– I dag stiller dei både på trening og kamp, gjerne begge foreldra, med søsken, hund og ny kjærast, for dei som er skilt og har starta på nytt.

– Bles liv i gamal entusiasme

Brenne, Lunde og Hesthamar er samde i at rekrutteringa likevel ikkje har vore den same dei siste åra.

– Samla sett i kommunen trur eg det er gode årgangar på alle dei yngste trinna, der vi har ein tynn prgang har gjerne Nores Neset, Jada eller Søre Neset full stall. Og motsett, der vi har mange har dei få eller ingen, seier Brenne.

– Vi bør ha gode årgangar i fleire klubbar, sånn at vi står styrkt når dei kjem inn i ungdomsåra, når dei skal auka til 7, 9 og 11 på banen samtidig som nokre gir seg, supplerer Hesthamar.

Kampanjen er ute og lag og klubbar kan søkja. Samtidig bles den liv i gamal entusiasme. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kampanjen er ute og lag og klubbar kan søkja. Samtidig bles den liv i gamal entusiasme. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Vi har eit godt etablert samarbeid for ungdomsåra, og fin erfaring med å slå saman lag, så den delen skal gå bra.

No ser Nore Neset og Os ut til å villa samarbeida om å søkja på fadderordninga. Blir dei saman ein av dei fem så vil flest mogleg av jentene i dei to samarbeidsklubbane ha nytte og glede av å få ressursar frå Toppserie-klubbane.

Så blir det opp til eitt og eitt lag å søkja om desse andre midlane, 20.000 til for eksempel ein treningsleir.

– Vi er i alle fall veldig glade for kampanjen, og vi kjenner allereie at denne bles liv i gamal entusiasme rundt jentefotballen og samarbeid på tvers av alle klubbane i kommunen, seier Hesthamar.

Vil fremja idrettsglede

Benjamin Norenes, banksjef for Sparebanken Vest sitt kontor på Os, er glad for det han høyrer.

– Det er kjekt å sjå kor flinke og entusiastiske klubbane allereie er. Eg håper dei sender gode søknadar, og at dei får gjennomslag.

Sparebanken Vest støttar prosjektet med allmennyttige midlar, og er også hovudsponsor for dei tre laga som er med.

– Målet treng ikkje vera å utvikla fleire kvinnelege fotballproffar, men å sørge for like sjansar for jenter og gutar. Vi veit kor viktig det er å skapa gode arenaer for idrettsglede og meistring for dei unge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.