Os Fotball dame | 02. sep. 2023

– Ho er livsfarleg på corner

Os med «vidunderleg» siger over sterke Sotra.

– Ho er livsfarleg på corner
Lenea Hjelle Fløsyand, her mot Åsane 2 i førre heimekamp, skåra kampens første fredag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. sep. 2023 07:30

Os tok fredag imot Sotra, som tok 2 poeng meir enn Os i vår, og slo Stord 5-1 i førre kamp.

– Dette var i grunnen ein kamp vi ikkje skulle vinna. Vi ønskjer å vinna alle, men var innstilte på at her skulle vi våga å spela vårt spel trass sterk motstand, fortel trenar Ørjan Sandal.

– Og så lykkast jentene så godt! Det er ikkje berre det at vi vann, det var heilt vidunderleg spel, spesielt i første omgang!

Os - Sotra 3-1 (2-0)

Lenea Hjelle Fløysand sendte Os i leiinga på corner av Karoline Østgulen Hevrøy.

– Lenea er livsfarleg på corner! meiner Sandal.

Vy Nguyen auka til 2-0 før pause.

Sotra måtte flytta spelarane sine opp for å ha sjanse til å ta poeng, men det var likevel Os som skåra først i andre omgang.

Karoline Østgulen Hevrøy, som skåra to mål frå 40 meter i førre heimekamp, auka til 3-0 på nok eit fint langskot.

Gjestane reduserte minuttet etter, men 3-1 sto seg kampen ut.

Tett program

Os spelte 1-1 borte mot Bremnes måndag. I alt har dei no 4 kampar på 15 dagar. den neste borte førstkomande onsdag, så er det heime måndag om ei god veke.

Toppar tabellen

Vår-avdelinga blei i sommar delt, med dei som kjempar om opprykk i éi avdeling.

Os var fire poeng bak kamp om å vera med i denne, og er i staden no i ei kompakt haustavdeling for dei som kjempar om å unngå nedrykk.

Laga har tatt med seg poenga frå i vår til ei kompakt haustavdeling som speler dobbel serie.

Der ligg Os no på topp, to poeng framfor Sotra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.