Kultur | 25. des. 2023

– Ikkje vent til nyttårsaftan med å kjøpa fyrverkeri

Ventar nok eit rekordår, men søndag er det for seint å handla.

– Ikkje vent til nyttårsaftan med å kjøpa fyrverkeri
Frå Festival Fyrverkeri sin forhandlar-demo på Særvoll for nokre år sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. des. 2023 09:02

Dei to siste åra har omsetnaden av fyrverkeri auka med 30 prosent, og 2022 blei eit rekordår for bransjen.

– Ingenting tyder på at årets sal blir meir beskjedent, seier Rikard Spets frå Norsk Fyrverkeriforening i ei pressemelding.

Spets minnar om at det i år, sidan nyttårsaftan er på ein søndag, ikkje er mogleg å kjøpa fyrverkeri på sjølve nyttårsaftan.

– Vi anbefaler at folk er ute i god tid, og gjerne også tar seg god tid når dei er i butikkar og bodar for å handla.

– BRUK BEKYTTELSESBRILLER: Det råder Norsk brannvernforening deg til. (Foto: Arkivbilde).
Les ògTrygg bruk av fyrverkeri: Dette er rådene

Undersøkingar gjennomført av Norstat viser at 7 av 10 barnefamiliar kjøper inn fyrverkeri til nyttårsfeiringa. Denne statistikken gjelder òg i tettbygde strøk med offentlege oppskytningar.

Fyrverkeriforeininga mener statistikken viser at auka omsetnad ikkje har ført til auka mengde skadar.

– Primærhelsetenesta behandlar 500.000 skadar kvart år, 50 av desse er relatert til fyrverkeri, altså 1/10.000. Av augeskader var det 24.000, nyttårsaftan 2022/2023 førte til 10 skadar.

– Vi har nullvisjon og folk har blitt flinkare til å bruka beskyttelsesbriller. Målet er at vi skal få gleden av at det blir rapportert nyttårsfeiring utan ein einaste skade, og det er noko vi jobbar for kvar einaste dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.