Kommunen har laga plan for 17. maifeiringa
Det blir ein annleis feiring i år òg.

I fjor blei den offentlege markeringa ei flott, digital direktesending frå Oseana - og nokre mindre markeringar ute i krinsane.
Konvoi med båt i Søre Øyane var det største fellesarrangementet.
Dei færraste såg nok for seg at pandemien skulle prega feiringa an nasjonaldagen fleire gongar.
– Å, så gjerne vi skulle ha samla oss i hopetal, gått i tog og feira i flokk! Men slik blir det ikkje - og då må vi gjere det beste ut av det, i år som i fjor, skriv kommunen i ei pressemelding fredag ettermiddag.
Her er noko av det som vil skje i Bjørnafjorden kommune 17. mai 2021:
- Bjørnafjorden kommune inviterer igjen til digital 17. mai-markering.
- Musikkorps vil besøka institusjonar rundt om i Bjørnafjorden, spela og spreia glede, i trygge omgjevnadar utandørs.
- Tradisjonen tru er alle 5. -klassingar i kommunen inviterte til å teikna 17. mai-teikningar.
Meir informasjon skal koma seinare.
Kommunen ber samtidig krinsane om å tenkja kreativt - men trygt:
– Vi oppfordrar 17. mai-komiteane rundt om i krinsane til å tenkja kreativt og alternativt innanfor smittevernreglane, seier Stine Kobbeltvedt frå kultureininga.
Korleis vi kan feira og kor mange som kan vera samla kan endra seg frå det som er status i dag.
– Regjeringa vil koma med ei presisering av råd og reglar for 17. mai-feiringa om kort tid.
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Knappe 30 kr per veke
Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.