Fotball | 28. apr. 2024

Kvar sitt straffe

Sigeren glapp for Lysekloster.

Kvar sitt straffe
Alexander Dang sendte Lysekloster i leiinga på straffe. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. apr. 2024 16:47

Notodden hadde eitt poeng på tre kampar før dei i dag tok imot Lysekloster.

Lysekloster starta serien tilbake i PostNord-ligaen med to tap, men vann heime over Arendal i førre runde.

I dag gjekk dei i føringa på srraffe rett før pause. Men Notodden fekk straffe i 63. minutt, der dei utlikna.

Kampen enda uavgjort.

Notodden - Lysekloster 1-1 (0-1)
Målskårar, Lysekloster: Alexander Dang

Lysekloster ligg no på 10. plass av 14 lag, a-poeng med Hødd på 9. plass.

Jerv og Arendal toppar tabellen med kvar sine 9 poeng på 4 kampar.

Osingen Elias Heggland Myrlid skåra eitt av måla då Hødd i dag slo Fløy Flekkerøy 3-0.

Lysekloster speler neste serierunde heime mot Kvik Halden laurdag. Før det, på bortebane onsdag, er det 3. runde i NM mot Kjelsås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.