Lokal | 13. sep. 2015

Kven skal få di røyst?

Måndag kan du bestemma kven av desse ni som skal bli ordførar og få makta i kommunen. Sjå kva dei meiner om ni ulike tema her, og korleis du kan gje din favoritt ei ekstra stemme.

Kven skal få di røyst?
Kven av desse ni vil du skal bli ordførar dei neste fire åra? (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 13. sep. 2015 10:18

Den siste meiningsmålinga som Respons gjennomførde for Midtsiden og BT tydar på at vi går mot eit meir spennande val enn nokon trudde før valkampen tok til. Dei siste dagane har dei ulika steppa opp innsatsen og møtt potensielle veljarar både tidleg og seint.

Er du av dei som enno ikkje har bestemt kven som skal få di røyst?

La oss hjelpa deg. I lenkane nedanfor kan du lesa kva kvar av ordførarkandidatane meiner om barnehage, skule, eldreomsorg, frivilligheiten, arbeidsplassar/næringsliv, utbygging/areal, samferdsel/trafikk/veg, kommunen sin økonomi og kor Os er om 15 år.

Alle intervjua er gjort før valkampen drog seg til og utan at ordførarkandidatane visste kva dei andre hadde svart på dei same spørsmåla.

Uansett kven du heiar på. Å sitta heime i sofaen er det dårlegaste alternativet.

Røyst på din kandidat

Visste du at du kan gjera endringar på stemmesetelen? Har du ein personleg favoritt, som står langt ned på lista eller kanskje på ei anna liste enn det partiet du vil gje di røyst? Då kan du gjera endringar på sjølve stemmesetelen for å gje din kandidat ei ekstra stemme for å komma inn i kommunestyret.

Stemmesetelen avgjer kva for eit parti eller gruppe du stemmer på. Dersom du vil påverke kven av kandidatane som skal bli valde, må du endre på stemmesetelen ved å gje personstemme til desse kandidatane. Det er opp til deg om du vil endre på stemmesetelen ved å gje personstemme. Slik gjer du det.

1. Sett eit kryss i ruta ved namnet til dei kandidatane du vil stemme ekstra på i det partiet du stemmer på. Du kan gje personstemme til så mange kandidatar du vil.

2. Skriv kandidatnamn frå andre parti/grupper i eit eige felt på stemmesetelen. I Os kan du føra opp åtte kandidatar frå andre parti/grupper.

Ver merksam på at dersom du gjev personstemme til ein kandidat frå eit anna parti/gruppe, vil ei såkalla listestemme bli overført til det andre partiet/gruppa. Endeleg opptelling av listestemmene vil truleg ikkje bli klart før tysdag ettermiddag/onsdag morgon.

Føl valet på Midtsiden-TV

Måndag vil Midtsiden senda direkte frå kantina i rådhuset og følgje opptellinga krins for krins. Sendinga startar rett før val-lokala stengjer klokka 21 måndag kveld og held fram til vi har alle dei førebelse resultata rundt midnatt.

Til studio vil politikarane komma og kommentera resultata etterkvart som dei blir klare, vi gir deg analyser av korleis kvar krins har endra seg frå valet for fire år sidan og held deg løpande oppdatert om kva parti som er inne i kommunestyret med kor mange kandidatar.

Du kan følgje sendinga direkte her på Midtsiden.

Godt val!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.