Meining | 16. des. 2023

Legevakt-tilbodet skal omorganiserast, ikkje fjernast!

DEBATT: Dagens legevaktordning er ikkje berekraftig, derfor vil me ha ei analyse.

Legevakt-tilbodet skal omorganiserast, ikkje fjernast!
Ordførar Terje Søviknes og varaordførar Marie Lunde Bruarøy i torsdagens møte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. des. 2023 08:35

I kommunestyre sitt budsjettvedtak den 14.12.23 blei det vedteke å styra etter H/FrP sitt budsjett i komande økonomiperiode. Dette budsjettet omfatta fleire kutt; blant anna ei omorganisering av legevaktordninga i Bjørnafjorden kommune.

Me registrer framleis ein del uro blant innbyggjarane og tilsette rundt formuleringa «FrP/H legg til grunn at legevaktstasjonen, slik den er drifta i dag, vert avvikla pr 01.07.24», og ynskjer å komme med nokre avklaringar rundt dette.

Legevaktstasjonen i Eikelandsosen, slik den no er drifta med Nordsjøturnus, har ein årleg nettokostnad på 7,5 mill. Det er 4,0 mill meir enn det vart budsjettert med.

Grunna desse økonomiske omsyna er legevaktordninga omtala som ikkje berekraftig i budsjettet. Kommunen står i ein svært utfordrande økonomisk situasjon, og det er naudsynt å sjå på dette område då ordninga i dag ikkje er økonomisk berekraftig.

Me har difor vedtatt å gå for ein gjennomgang av legevaktordninga i Bjørnafjorden for å sjå om det er område me kan kostnadseffektivisere med mål om å redusere dagens kostnadsnivå.

Me i Høgre og FrP har stor forståing for at ei endring i eit slik tilbod kan ha ei negativ effekt på innbyggjarane som vert råka, og at ein er bekymra for framtidig legevaktteneste og sikkerheit.

Med budsjettvedtaket har me difor bestilt ei utvida risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) av tenesta. ROS-analysen vil bli kvalitetssikra, også av ein ekstern aktør, dersom naudsynt. Fyrst når denne utvida ROS-analysa er klar, vil me veta kva for tiltak ein kan gjere.

Det er viktig å gjere ordninga meir økonomisk berekraftig, men òg samstundes sikre innbyggjarane gode tenester for framtida.

Saka vil, når alt er klart, bli fremja som ei eiga politisk sak for handsaming i kommunestyret seinast 01.03.2024 (aktuelt kommunestyremøte er 21. mars). Der vil ei eventuell endring i ordninga, i tråd med handlingsrommet som er gitt i ROS-analysa, verta røysta over.

Til slutt ynskjer me under å dele heile teksten frå denne budsjettsaka slik den er vedtatt, for å unngå eventuelle misforståingar:

«Omorganisering av legevaktordninga i Bjørnafjorden»

Kostnaden med legevaktordninga i Bjørnafjorden er ikkje berekraftig, og kommunedirektøren har foreslått å avvikla legevaktstasjonen i Eikelandsosen. Stasjonen har p.t. ein årskostnad på 7,5 mill kr, som er 4 mill kr meir enn vedteken budsjettramme for 2023.

FrP/H legg til grunn at legevaktstasjonen, slik den er drifta i dag, vert avvikla pr 01.07.24, men før det skjer må framtidig legevaktteneste/kompenserande tiltak avklarast og gjennomførast for å tryggja beredskapen for innbyggjarane i denne delen av kommunen. Ein utvida og kvalitetssikra ROS-analyse (evt. utarbeidd med ekstern bistand) må leggjast til grunn for tiltaka, slik at beredskapen vert sikra. Korleis ein skal handtera raud respons-hendingar må ha særskilt fokus.

I kommunedirektøren sitt budsjettframlegg er det sett av 1,1 mill kr til kompenserande tiltak. Desse tiltaka er skildra slik; «Tiltak som kan vera aktuelle er at vi har ein bakvaktslege tilgjengeleg når det oppstår raude responsar. Utbygging av first-respondar-ordninga med å involvera heimetenesta på austsida av fjorden for å få helsepersonell inn i ordninga som kompensasjon for lang utrykkingstid for vakthavande lege er også aktuelt. Det kan også vurderast å etablera ein satellitt-vaktstasjon utan lege, men med erfaren vaktsjukepleiar og videokonsultasjon med vaktlegen Moberg.»

FrP/H ber om at det vert lagt fram eiga politisk sak til handsaming i formannskap/kommunestyret når utvida ROS-analyse er ferdig og framtidig legevaktteneste/kompenserande tiltak er tilstrekkeleg utgreidd. I den politiske saka skal endeleg nivå på finansiering av ny legevaktteneste/kompenserande tiltaka fastsetjast. Sak skal fremjast for politisk handsaming snarast råd og seinast 01.03.24.»

Bjørnafjorden Høgre
Bjørnafjorden FrP

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.