Vêret i Os | 11. jan. 2024

Melder fire varme dagar

Melder regn og snø i helga, men minusgradar heile neste veke.

Melder fire varme dagar
Isen i Os hamn sprekk opp under fargerik himmel før soloppgang i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. jan. 2024 09:12

Torsdag fekk vi ein fargerik himmel før soloppgang (klokka 09.33). Det er ikkje berre himmelen som ser varm ut, gradestokken flyttar seg i desse dagar frå minus til pluss.

I dag skal vi få 2 til 5 plussgradar i Os. Fredag morgon er det venta minusgradar igjen, men både fredag kveld, heile laurdag og nesten heile søndag blir varmare enn frysepunktet.

Det er meldt opphaldsvêr fram til fredag kveld, regn store delar av laurdag og snø eller sludd søndag formiddag.

Søndag kveld skal det frysa på igjen, og det er meldt frå 2 til 5 minusgradar i neste veke.

Frå tysdag og utover i veka er det venta snøbyger.

Os hamn torsdag morgon, inst ved Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os hamn torsdag morgon, inst ved Oseana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Den tynne isen i brakkvatnet i Os hamn var ei stund heilt ut til bølgjebrytarane. No slår den sprekker.

Kva med isen som ligg på ulike ferskvatn i Os?

Fredag for ei lita veke sidan fekk vi temperaturar under 10 minus i Os, i løpet av helga var det fleire vatn som fekk farbar is.

Komande tre-fire dagar med plussgradar, inkludert nedbør i form av regn, vil svekka isen.

Du bør nok vera ekstra varsam dei komande dagane, og ta nye målingar fram til neste kuldeperiode har stabilisert seg.

Les om isvarsel for Vestland og ferdsle på islagte vatn på varsom.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.