Fotball | 28. apr. 2023

Ny cup opplever god vekst

Det blir ekstra livleg på Skeie i helga.

Ny cup opplever god vekst
Frå Kiwi Bama Cup på Nore Neset i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. apr. 2023 07:59

I fjor arrangerte Nore Neset idrettslag Kiwi Bama Cup (tidlegare Eat, Move, Sleep) for første gong.

Mens nabo Os Fotball har flytta sin veletablerte versjon frå starten på juni til overgangen august-september, lagde Nore Neset eit tilbod på våren.

Det gjekk bra for begge to, og arrangørane fekk i vinter pris for gjennomføringa.

Storebror Os hadde rekord med 195 lag, nykomar Nore Neset enda på 154 lag på første forsøk.

Les ògTreffsikre dagar på ny cup

Nore Neset sin cup startar i morgon.

– No er vi oppe i 174 lag, seier dagleg leiar Eirik-André Hesthamar til Midtsiden.

Det betyr ein auke på beint 20.

Nokre klubbar som stilte i fjor stiller med endå fleire lag, samtidig har fleire lag i bergensområdet «oppdaga» Nore Neset. Ny-Krohnborg og Smørås er blant desse.

– Vi klarer oss med å bruka berre laurdag og søndag, men har utvida med éin time begge dagar.

Nytt i år er at Nore Neset Arena er bygd og opna.

Les ògFlott hyllest under opning av Nore Neset arena

– Det betyr ein ekstra kiosk i foajeen på arenaen, og at vi kan bruka delar av Nore Neset Arena til pauserom for dei mange frivillige.

Blant dei som stiller opp på dugnad i helga, er 50-60 ungdomar. Dei skal, medrekna rigging fredag kveld, jobba rundt 1000 dugnadstimar i helga.

– Vi får det travelt, men det blir først og fremst kjekt! Vi gler oss til helga, seier Hesthamar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.