Meining | 08. des. 2023

Redningsdykkartenesta – når det står om sekund!

DEBATT: Bør vi slutte å gjere alt som ikkje er lovpålagt?

Redningsdykkartenesta – når det står om sekund!
Kyskommunen Bjørnafjorden kan snart mista redningsdykkartenesta si. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. des. 2023 13:34

I Bjørnafjorden har vi vore heldige. Vi har ei redningsdykkarteneste. Som ein av 20 brannstasjonar i Noreg har vi operative redningsdykkar som på ei kvar tid kan rykkje ut frå stasjonen på Moberg.

Når ulukka er ute og kanoen med born veltar i sundet, eller vaksne går på grunn i høg hastigheit i mørket, er dei forulykka og deira pårørande heldige som veit at nokon kjem.

Og dei som kjem er dyktige og kan gjere ein innsats både over og under vatn.

Er dette ei lovpålagt oppgåve? Nei. Bør vi slutte å gjere alt som ikkje er lovpålagt? Nei.

Når du står på neset og snur deg rundt og ikkje lenger kan sjå femåringen din, vil du då tenkja at det er fornuftig, ja til og med ansvarleg av kommunen å kutte den tenesta som kan hjelpe deg? Den er jo tross alt ikkje lovpålagt.

Men kan ikkje nokon andre gjere den jobben då? Kva med Bergen?

Jau. Rett nok har Sandviken stasjon i Bergen redningsdykkarar. Og rett nok vil dei og bli varsla ved behov. Men så var det desse sekunda då.

Redningsdykkarar frå Bergen kan bli flydd ut av luftambulansen. Dette tek likevel tid. Utstyr skal pakkast. Helikopter skal klargjerast. Og ikkje minst, vêret må spele på lag.

På toppen av dette er ein avhengig av at deira personell ikkje er ute på andre oppdrag. Og om uflaksen er ute, helikopteret er på oppdrag, så er kjøreveien på 30 minutter.

Om ein fjernar redningsdykkartenesta i Bjørnafjorden vil nedslagsfeltet til Sandviken stasjon dekkje frå Stad i nord til Haugesund i sør. Risikoen for såkalla samtidigheitskonflikt er stor.

Tenesta på Moberg består i dag av sju redningsdykkarar og to dykkeleiarar. Desse er alle tilsett i ei 2% stilling.

Dette inneberer i praksis at dei får 35 viktige øvingstimar i året, i tillegg til utrykningane dei er ute på. For å bli redningsdykkar må ein gjennom tøffe opptak som er krevjande både fysisk og psykisk. Dersom ein klarar dette ventar omfattande og dyr opplæring som gjer kompetansen til å vere redningdykkar.

For ei 2% stilling seier det seg sjølv at dette er høgt motiverte personar som ønskjer å yte sitt yttarste for at eg og du skal ha ein tryggare kommune å bu i.

Til saman kostar denne tenesta beskjedne 300 000 kroner i året, eller om lag 1% av budsjettet til Bjørnafjorden Brann og redning.

I budsjettkonferansen tidlegare i haust spurde kommunedirektøren retorisk «kva får ein ikkje att om ein puttar pengar i frivilligheita?».

Eg treng ikkje spørje, for eg veit kva ein får ved å putte litt midlar i ein eksisterande redningsdykkarteneste. Vi får tryggare badestrender. Tryggare kaiar. Tryggare ferdsel på sjø, i vatn og langs elv. Vi får kompetent, operativt og godt trent personell som er der for deg og dine når det verst tenkelege skjer.

Om ein legg ned redningsdykkartenesta i dag er det svært usannsynleg å få denne att. Det vil koste enorme summar å kjøpe inn at utstyret som fins her i dag, og å utdanne og trene opp nytt mannskap.

Redningsdykkartenesta i Bjørnafjorden har ei historie som strekk seg 30 år attende i tid. Kompetanse og erfaring tek tid å opparbeide. På 90-talet byrja engasjerte brannmannskap å rykke ut med sitt eige private utstyr.

I 2001, med hjelp frå mellom anna Terje Søviknes og FrP, blei tenesta profesjonalisert.

Vil same mannen og same parti no vere dei som fjernar denne tryggleiken?

Morten André Moberg
Fagansvarleg redningsdykking, Bjørnafjorden brann og redning

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.