Fritid | 07. apr. 2024

Selde bollar og saft til inntekt for Redd Barna

Femteklassingane oppfordrar fleire til å engasjera seg for andre.

Selde bollar og saft til inntekt for Redd Barna
F.v.: Martine, Sara, Andrea, Emily og Havin. (Foto: privat)
Elin Johnsen
Elin Johnsensøndag 07. apr. 2024 11:40

Torsdag bestemte fem venninner seg for at dei ville gjera noko for andre.

Dei engasjerte jentene synest at det å selja bollar og saft kunne vera ein god idé, og stilte seg utanfor Kiwi på Haugsneset.

Inntektene ville dei gi til Redd Barna.

Jentene, som er klassevenninner og går på Os barneskule, samla seg etter skuletid hos mormora til Emily. Så var det berre til å setja i gang med bakinga.

Heile ettermiddagen gjekk med til baking og klargjering av plakatar, og dei fekk lov til å stilla opp den vesle salsboden utanfor Kiwi-butikken på Haugsneset.

Bra utval til gavmilde kundar

Mange av kundane var middagsvoltne, svært gåvmilde og kunne kjøpa seg nysteikte bollar og leska seg med litt saft på heimvegen.

Kundane kunne velja mellom skillingsbollar, kokosbollar eller kveitebollar.

Jentene i full sving med baking etter skulen. (Foto: privat)
Jentene i full sving med baking etter skulen. (Foto: privat)

– Vi håpar andre kan bli inspirerte til å gjera noko lignanade til eit veledig formål, oppfordra jentene.

– Dette har dei klart å gjennomføra heilt på eige initiativ, og eg synest det var eit nydeleg tiltak, seier mor til Emily, Synnøve Skarstein.

Trass låg pris per vare blei omsetnaden på nesten 3000 kroner. Pengane gjekk rett på konto til Redd Barna.

Samfunnsengasjerte jenter

Det er ikkje første gongen jentene engasjerer seg.

Fleire av jentene var i fjor ivrige i kampen mot skulenedlegging, der dei blant anna samla signaturar mot nedlegginga.

Pågåande bygging av familievenlege bustadar nær skulen var blant argumenta mot skulenedlegging. (Foto: Susann Haukeland Børnes)
Les ògEitt spørsmål fekk nesten alle til å brøla «ja!»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.