Fotball | 19. okt. 2023

Sigeren glapp i 85. minutt

Poengdeling på Kuventræ.

Sigeren glapp i 85. minutt
Os og avdelinga sin toppskårar, Andrine Brunvatne Kvittingen, her i Bremnes-kampen for ei veke sidan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. okt. 2023 08:40

Etter sju kampar utan tap i haust, og fem sigrar på rad, gjekk Os på eit 2-3-tap for Bremnes i førre heimekamp.

I går var heimekamp igjen, denne gong mot Voss, som hadde 7 poeng på 8 kampar før gårsdagens runde.

Os starta bra, leia 1-0 til pause og gjekk opp i 2-0 på straffe i 71. minutt. Begge av toppskårar i avdelinga, Andrine Brunvatne Kvittingen.

Men Voss skåra både i 83. og 85. minutt, og Os-damene måtte, som herrelaget tysdag, skuffa nøya seg med eitt poeng.

Os - Voss 2-2 (1-0)
Målskårar, Os: Andrine Brunvatne Kvittingen

Trass 1 poeng på dei to siste kampane er Os berre tre poeng frå serieleiar Sotra.

Os sin neste kamp går borte mot Bjarg, siste heimekamp for sesongen går mot Stord laurdag 28. oktober.

Tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.