Søre Neset idrettslag | 20. juni 2023

Søre Neset stiller med maskotar på Norge-Kypros

Søre Neset G9 skal marsjera inn på Ullevaal med landslaget.

Søre Neset stiller med maskotar på Norge-Kypros
På veg om bord på bussen i dag tidleg. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. juni 2023 06:27

Tysdag morgon sette Søre Neset gutar 9 seg på bussen ved anlegget i Halhjemsmarka, tysdag før kampstart (kl 20.45) mot Kypros marsjerer dei inn med dei norske landslagsspelarane.

– Vi fekk svaret for ei veke eller to sidan, og dei snakkar om det kvar dag. Dette blir ei unik og kjekk oppleving, og ei fantastisk avslutting på ein fin vårsesong, seier Kent-Eivind Storum.

Han er ein av fire trenarar for gutane fødde i 2014. Kollegaen Siv Bøthun Sulen sendte søknaden.

«NFF og Gjensidige søker fotballag i alderen 8-12 år som vil være maskoter på landskamp. Målet med Landslagsmaskotene er å skape en felles fotballopplevelse for laget, utenom vanlige treninger og kamper» skriv NFF i invitasjonen.

– Det er jo som å finna nåla i høystakken å bli trekte ut til dette. Eg veit ikkje om andre frå Osbygda har vore med på dette før, men vi føler oss i alle fall veldig heldige.

15 spelarar med trenarar og andre foreldre, i alt eit reisefølgje på 30 sørenesingar, tar turen over fjellet i buss tysdag.

Spelarane som er maskotar i dag: Daniel M. Håvik, Matheo Elvsveen Frøyset, Linus Olai K. Hjellvoll, Julian Gaasand Breivik, Willy Storum, Sander Husebø Turøy, Tobias Libnau, Alexander Ormehaug, Matheo Todua, Jonas Lekve Alfarnes, Nicolai Bergesen, Aleksander Fonnes, Christian Bøthun Sulen, Leonardo Tveitnes Sørhaug og Håvard Sælen.

– Vi har lagt inn nokre pausar for mat og bading, og så gler vi oss veldig til ankomst.

Planen er ankomst Thon Hotel Storo klokka 16 og ankomst Ullevaal klokka 18.20.

I tillegg til å vera lykkebringarar skal dei få spesialdesigna treningsdress, utstyr og eigne landslagstrøyer.

– Har gutane byrja å snakka om kven som vil leia kven, at dei har sine favorittar?

– Det har naturlegvis vore mykje snakk om Haaland og Ødegaard desse dagane, men det er heldivis ikkje vi trenarar som skal bestemma.

– Det der håper eg blir tatt i vilkårleg rekkefølge i spelartunnelen. Å springa inn på Ullevaal saman med landslaget blir uansett stort for dei, seier Storum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.