Meining | 30. jan. 2024

Stans den israelske staten sitt vanvett

DEBATT: Bjørnafjorden SV i solidaritet med Gaza.

Stans den israelske staten sitt vanvett
Asle Olsen, styremedlem og representant for SV i formannskap og kommunestyre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. jan. 2024 09:06

Ei fråsegn frå Bjørnafjorden SV, vedtatt på årsmøtet 23. januar 2024:

Sidan oktober i fjor har både folket og infrastrukturen i Gaza blitt bomba av den israelske okkupasjonsmakta. Ifølgje FN i Gaza har om lag 24 000 menneske blitt drepne og nesten 60 000 er blitt skada som følgje av denne valden.

85 % av folket i Gaza er blitt internt fordrivne til eit område i sør utan sivil infrastruktur, mat, tilgang til helsehjelp og anna som trengst for å overleva.

Den farlegaste krisa for folket i Gaza er ikkje over.

Dei som allereie har overlevd over seksten år med blokade, matusikkerheit, vassmangel, arbeidsløyse, bombing og tvungen fordriving, står no overfor akutt fare for hungersnaud. Den totale blokaden, som fører til ekstrem mangel på mat- og vatn, er livstrugande for alle på Gaza.

FNs klassifiseringssystem for å måla alvorsgraden ved matusikkerheit (IPC) vart utvikla for tjue år sidan. Prognosen for akutt matusikkerheit på Gazastripa, i perioden desember 2023 til februar 2024, viser den høgste graden av kritisk matusikkerheit for ei befolkning som er målt på tjue år.

Fire av fem av verdas mest svoltne er å finna i Gaza. Snart vil over en firedel av folket her i Gaza vera råka av katastrofal mangel på næring, medan resten av befolkninga vil lida av av kritisk låg tilgang på mat og vatn.

Israel har også systematisk råka den sivile infrastrukturen i Gaza, inkludert alt som er nødvendig for matproduksjon og fiske. Nesten alle av Gaza sine fiskebåtar, garn, drivhus, husdyr, brønnar og matjord er blitt utsette for systematisk øydelegging.

Konsekvensen av dette er ei heil sivilbefolkning på randa av hungersnaud. I tillegg vil dei, på lang sikt, mangla evna til å produsera mat, då Israel målretta har øydelagt det som trengst for å kunna driva med matproduksjon.

Det er alarmerande at så få diplomatar og statsleiarar har tatt eit klart standpunkt mot Israels handlingar og landets brot på FNs folkemordkonvensjon.

Bergen SV støttar Sør-Afrikas veldokumenterte skuldingar mot Israel, som både peikar på at dei øvste representantane for den israelske staten ope har oppfordra til folkemord, og brukt gjentakande avhumaniserande retorikk om sivilbefolkninga i Gaza og den humanitære katastrofen som nå utspelar seg framfor auga på ei heil verd.

Skuldinga frå Sør-Afrika er eksemplifisert av ei rekkje fråsegner, som den frå jordbruksminister Avi Dichter den 11. november: "Vi gjennomfører nå eit Nakba i Gaza."

Eit anna eksempel er nestleiar i Knesset, Nissim Vaturi, som den 7. oktober uttalte: "Vi har no eitt felles mål – å utsletta Gazastripa frå jordas overflate", eller den israelske presidenten Isaac Herzog, som har gjort det heilt klart for ålmenta at Israelske myndigheiter ikkje skil mellom sivile og væpna grupper i Gaza.

Den israelske staten sine handlingar er kriminelle og avskyelege, og det hastar med å få stansa dei. Risikoen for utrydding av heile eller delar av sivilbefolkninga i Gaza er villa og menneskeskapt.

Etter folkemordskonvensjonen er Noreg og andre medlemsland pliktige til å setja i verk tiltak som kan forhindra folkemord. Diplomati er ikkje nok! Vi har inga tid å mista.

Bjørnafjorden SV:

1. Støttar Sør-Afrikas skuldingar og krav mot Israel, som dei har lagt fram for Den internasjonale domstolen. Dette er eit nødvendig skritt i retning av ansvarleggjering for brotsverka som har skjedd og framleis skjer mot sivilbefolkninga i Gaza.

2. Krev at regjeringa følgjer opp SVs forslag om sanksjonar mot Israel:

a) at norske, statlege våpenprodusentar og dotterselskap med fabrikkar i USA ikkje skal selja komponentar direkte eller indirekte til Israel,

b) at regjeringa tar initiativ til ein internasjonal våpenembargo mot Israel,

c) at regjeringa frys pengar og eigedom som tilhøyrer personar som er ansvarlege for, aktivt støttar, eller gjennomfører handlingar som trugar tryggleiken til folk på Gaza, hindrar humanitære organisasjonar sitt arbeid på Gaza og/eller undergrev Palestinas territoriale integritet,

d) at regjeringa innfører forbod mot import/eksport og levering av varer og tenester som bidrar til det israelske regimets inntekter,

e) at regjering frys frihandelsavtalen med Israel til krigen i Gaza er avslutta og blokaden mot Gaza er oppheva.

3. Oppmodar alle våre medlemmer, vener og allierte til å delta i solidaritetsmarkeringar, og styrkja banda til norsk-palestinarar og til det palestinske sivilsamfunnet. Bomber, fordriving og utsvelting kan aldri stansa vår felles, globale kamp for fridom, likskap og sjølvråderett.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.