Lokal | 28. apr. 2016

Endeleg i hamn

Ny bru og veg med fortau til Brattholmen godkjend. – Endeleg. Det blir godt å ferdast der uten dei smale vegane, sa Marie Bruarøy (H).

Endeleg i hamn
No kan vegen og brua ut til Brattholmen utvidast (arkivfoto: KML)
Andris Hamretorsdag 28. apr. 2016 08:53

Bildeserie:

Illustrasjonsplan for den godkjende reguleringsplanen (ill: Os kommune)
Illustrasjonsplan for den godkjende reguleringsplanen (ill: Os kommune)
1 av 1

Nokre bruer og vegutbygginger er meir velkomne enn andre. Tysdag godkjende kommunestyret ny flytebru, oppgradert veg og oppgradert småbåthamn ved Brattholmen i Søre Øyane.

– Det har vore ei ganske betydeleg utbygging der sidan brua blei etablert for 30 år siden. At det no blir lagt opp til fortau og utvida veg vil gjera trafikktryggleiken mykje betre.

– Ikkje minst vil ei ny bru gjera innbyggjarane tryggare i høve beredskapen, kommenterte varaordførar Marie Bruarøy (H) før ho kom med ei klar oppmoding til dei to tiltakshavarane Elling Johann Røttingen og Brattholmen Veg- og Havneanlegg.

– Det er viktig for kommunen at brua kjem på plass og at de kan bli einige om ein tidsplan for når det kan skje.

Les og:
650.000 til flytebru
Bru til bry

Fornuftig bruk av strandsonen

Bruarøy skrytte av ein god og omfattande plan og utgreiing.

– Eg er samd med Bruarøy om at det er ein godt bearbeida plan. Det er gjort mykje godt arbeid, eg forstår det har tatt lang tid, innleia Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– No er jo vi veldige forsiktige med alt som skjer i strandsonen, men her er det ein fornuftig bruk av den. Eg vil òg støtta varaordføraren i viktigheiten av å ta vare på mjuke trafikantar.

– Ein ting er eg rett nok litt skuffa over. Dei er pålagt ein miljøplan og den er heilt grei, men eg kunne ønskja meg eit litt høgare ambisjonsnivå, påpeikte Nøttseter.

Kvifor ikkje fortau heilt til fylkesvegen?

Planen tek for seg brua og vegen fram til industriområdet ved Inka. Knut Ivar Børgesen (MDG) stilte spørsmål og fremja forslag om at fortauet skulle forlengast heilt ut til fylkesvegen.

– Det går sikkert ikkje, men eg ser at den vedtatte planen gjennom industriområdet er 6 meter veg, ein halvmeter vegskulder og 1,5 meter grøft. Det er ikkje så veldig vanskeleg å sjå for seg at det går å legga eit fortau der. At det ikkje blei gjort i den førre planen bør vi prøve å retta på.

– I tillegg meiner eg at vi bør ha inn eit tillegg i vedtaket om at det ikkje er lov å med fylling eller feste som minskar opninga mellom Brattholmen og fastlandet, foreslo Børgesen.

– Eg tykkjer det er bra vi har fått samla dette i ein plan og at tiltakshavarane har blitt samde om dette. Det var ein einstemmigheit i planutvalet. Det som kjem frå MDG om fortau heilt ut til bedehuset vil vera å setta den siste spikeren i kista for både bru og fortau. Eg trur det er fornuftig å ta planen slik den ligg no, kommenterte Gustav Bahus (Frp).

MDG sine framlegg fall mot seks røyster (MDG/V/TvS). Planen blei etter det samrøystes vedteken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.