Meining | 21. des. 2023

Kvifor KrF støtta FrP/H sitt budsjettalternativ

DEBATT: Det hadde vore enklast å støtta høg inntekt og få kutt. Men vi valte det vi meiner er mest truverdig.

Kvifor KrF støtta FrP/H sitt budsjettalternativ
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. des. 2023 11:45

Det er ei krevande tid for tilsette og for innbyggjane i kommuna vår. Som dei andre lokalpolitikarane kjenner også vi frå KrF på at det er vondt å ikkje ha råd til dei gode tiltaka vi kunne støtte i betre tider.

Det må no gjerast store kutt i tenestene for at vi på lengre sikt skal få balanse mellom inntekter og utgifter. Dersom vi skal få dette til må vi sette tæring etter næring i eit tidsperspektiv lengre enn året som kjem.

Slik vi ser det har vi ikkje råd til å budsjettere med pengar vi ikkje veit om vi får.

Med éin representant i kommunestyret, som heller ikkje er del av posisjonen, så hadde det vore enklast for KrF å lage eller støtte eit budsjett med høge inntekter, og som då kunne sagt nei til upopulære og smertefulle kutt.

Då hadde også vi blitt populære og fått skryt og likes i sosiale media, og vi kunne hive oss med i den sterke kritikken av FrP/H og kommunedirektøren.

Som KrF-politikarar kjenner vi oss forplikta på det kristne forvaltaransvaret. Vår hensikt som lokalpolitikarar er difor å forvalte inntekter og utgifter sånn at kommuneøkonomien kjem i balanse igjen.

Når det gjeld einskildsaker som eigedomsskatt eller omorganisering av legevaktordninga så finn vi ikkje svaret direkte i den gode boka, men vi forsøker å vurdere tiltak etter beste skjønn ut frå både konsekvensar og heilskap.

Vi forsøker så godt vi kan å snakke sant om den vanskelege situasjonen kommuna er i, og korleis vi meiner vi best kan komme oss ut av den. Vi kjenner oss forplikta til å tenke langsiktig og at vi må forholde oss til inntekter kommuna faktisk vil få, ikkje til dei inntektene vi skulle ønska vi fekk.

Det er årsaka til at vi, på vegner av KrF, bestemte oss for å gje støtte til dei, som etter vår vurdering, har lagt fram det mest truverdige budsjettet, økonomiplanen og plan for oppfølging, slik at vi skal få balanse igjen i økonomien.

Vi er klar over at dette vil gjere vondt for innbyggjarane våre. Ja, vi skulle så veldig gjerne kunne styrke gode tiltak heller enn å måtte redusere dei. KrF-hjartet vårt har det veldig vondt, til liks med alle andre politikarhjarte. Vi er ikkje meir robuste enn andre i så måte. Når vi då likevel stemte for nedtrekka, så var det for at vi på lengre sikt på nytt skal kunne byggje opp tenestene våre i samsvar med ein ny og betre økonomisk situasjon.

No kjem uansett den utfordrande kvardagen der det er viktig at politikarane står saman om å støtte og motivere dei dyktige medarbeidarane omkring i tenesteområda våre.

På vegner av KrF vil vi ta ansvar ved å opptre konstruktivt og støtte dei som har teke på seg det krevande ansvaret det er med å få leie oss gjennom denne vanskelege tida.

KrF sin inngang til budsjettet for 2024 var at vi skal gjere det vi kan for å unngå å måtte innføre eigedomsskatt. Det har vi lovt veljarane våre.

Ut frå programmet vårt kan ikkje KrF utelukke innføring av eigedomsskatt i perioden 2023-2027, men for å reelt sett få orden på økonomien, så meiner vi at det ville være uklokt å innføre eigedomsskatt no, og på den måten forhindre nødvendige tiltak for å redusere kostnadsnivået.

Så vil Bjørnafjorden KrF måtte ha ein prosess i partiet for å vurdere om det likevel vert påkrevd å innføre eigedomsskatt i løpet av perioden. Vi vonar at flest mogleg vil bli med oss i denne prosessen.

Jakob Enerhaug, gruppeleiar Bjørnafjorden KrF
Bjarte Samnøy, 1. vara Bjørnafjorden KrF

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.