Os Fotball dame | 07. sep. 2023

Nok ein siger til damelaget

Fekk ei langdryg reise til Voss, men reiste heim med tre poeng.

Nok ein siger til damelaget
Andrine Brunvatne Kvittingen skåra begge måla då Os slo Voss på bortebane i går. (Bilde frå Åsane-kampen i august, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. sep. 2023 07:17

I førre runde vann Os over Sotra, som låg hakket over Os på vårtabellen.

I går reiste dei til Voss for å møta laget som låg hakket bak.

– Det var mykje vegarbeid, så vi brukte veldig lang tid og kom fram 35 minutt før kampstart. Vi fekk utsett avspark ti minutt, og så gjekk jentene ut og gjorde jobben, seier trenar Ørjan Sandal.

Tiril Søreide Solberg gjorde eit godt arbeid med å jaga keeper, vann duellen og sørgja for at Andrine Brunvatne Kvittingen fekk avslutta.

Os leia 0-1 til pause. Heimelaget utlikna, men ein soloprestasjon av Kvittingen i 75. minutt sendte gjestane frå Os opp i 1-2, som òg blei sluttresultatet.

– Det var ikkje eit fyrverkeri, sånn kampen mot Sotra var, men ei grei gjennomføring på tampen av ein lang dag, oppsummerer Sandal.

Os skal spela 14 kampar i haust. Etter fire rundar står dei med tre sigrar og ein uavgjort, og toppar hausttabellen.

Neste kamp går heime mot Bjarg mens mange sit spent og ventar på valresultatet måndag 11. september.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.