Meining | 11. mars 2024

Vi må behalde tilbodet på Fusa vgs!

Debatt: – Eg meiner dei her viser mangel på kunnskap.

Vi må behalde tilbodet på Fusa vgs!
Dina Lervåg. (Foto: Privat)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesmandag 11. mars 2024 17:08

Vestland fylkeskommune har lagt fram høyringsforslag til heilskapleg tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune – eit forslag som snur opp ned på skulestruktur og utdanningstilboda til ungdommen, i heile fylket.

I høyringsforslaget står det: Fusa VGS: YSK-tilbodet vert lagt ned. Kunst, design og arkitektur bytast ut med studiespesialisering.

Fylket foreslår no ei omstrukturering. Dei ynskjer å fjerne TAF/ YSK tilbodet og erstatte det med studiespesialiserings klasse.

I høyringsforslaget hevdar dei at det samla tilbodet vil kunne dekke lokalt kompetansebehov på ein god måte.

– Eg meiner dei her viser mangel på kunnskap om, og kva behov, næringslivet i kommunen/regionen har.

Fusa vgs samarbeider med bedrifter som Framo, Bolaks, Tombre, Eide fjordbruk, Ølve Industrier og Fusa Mek. Bedriftene ynskjer både TAF/YSK elevar og ordinære lærlingar. YSK er med på å sikre framtidig tilgang på arbeidskraft.

Kontakten mellom Fusa vgs og næringslivet er god. Det vert lagt vekt på kva bedriftene vil trenge av kompetanse i framtida. Slik bidrar Vestland fylkeskommune via Fusa vgs, til utvikling av lokalsamfunna, ungdommen og næringslivet.

Dette må vi ikkje kaste vekk i ein sentraliseringsprosess som høyringsforslaget no legg opp til.

Ungdommane i Bjørnafjorden vil måtta reise til Årstad for å gå på kunst, design og arkitektur. For dei ungdommane som ynskjer kreative fag, legger fylket opp til lang reiseveg, eller hybeltilvære.

Vi må ha gode og varierte skuletilbod der ungdommane bur.

Vestland fylke har i Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033, sett retning for næringslivet i fylket.

Kompetanseutvikling er eitt av hovudmåla i planen. Eg vonar fylkesadministrasjonen ser at dei no styrer i feil retning ved å foreslå nedlegging av gode skuletilbod.

Nyleg vart søkjartala for vidaregåande skule lagt fram, det som er mest populært for ungdommane er yrkesfag. Det er også ein auke i søknad til læreplass.

Vi må ta ungdommane på alvor og behalde TAF/YSK samt Kunst, design og arkitektur på Fusa vgs!

Dina Lervåg, leiar Bjørnafjorden Senterparti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.