Lokal | 18. aug. 2020

Soldat smitta i Ulven leir

Fleire er no i karantene mens HV har øving i same leir.

Soldat smitta i Ulven leir
Ein person som var i Ulven leir frå 7. august blei 14. august konstatert smitta. (Ill. foto/arkiv: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. aug. 2020 16:20

Éin person er konstatert smitta av koronaviruset etter øving i Ulven leir. Vedkomande er no i isolasjon på Haakonsvern mens 19 andre er i karantene på Ulven, skriv BT.

– Den smitta deltok i eit opptak for spesialbåtoperatørkurs. Dei blei testet ved starten av opptaket tysdag 4. august. Då var alle negative. 7. august reiste dei til Ulven, 12. august blei dei testa på nytt. Svaret kom 14. august, opplyser Thomas Gjesdal, pressesjef i Forsvaret, til BA.

Dei 19 skal vera symptomfrie.

BT har snakka med ein HV-soldat som er inne til øving i Ulven leir. Han seier at hans avdeling blei informert om situasjonen i dag tidleg.

– Det er sett opp sperreband mellom vår avdeling og avdelinga der éin blei smitta, seier mannen, som er uroa for sjølv å bli smitta i løpet av øvinga, ifølgje Bergens Tidende.

Datoane for dei smitta i Bjørnafjorden til no:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.