Meining | 29. des. 2023

Eit kommunebudsjett berre Erna (og Sylvi) kan elska

DEBATT: Kynisk, kortsiktig og uklok økonomistyring.

Eit kommunebudsjett berre Erna (og Sylvi) kan elska
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. des. 2023 11:47

Frp/H-leiinga er låst i synet på eigedomsskatt, og synest det er greitt at dei som har lite frå før, får mindre. Men valløftet til Erna Solberg har dei i alle fall oppfylt.

Røyken har lagt seg etter ein heftig haust. Frp/H sitt budsjett er vedteke, og med det følgjer brutale kutt i fleire sentrale tenester. Nedskaleringa av legevakta i Eikelandsosen er kanskje det mest inngripande sparetiltaket – mange menneske får dårlegare beredskap og redusert tryggleik. I verste fall går innsparinga utover liv og helse.

Det som burde uroa oss like mykje, eller kanskje meir, er helse- og velferdskutta som går utover allereie utsette grupper. Dei som har nok med å klara dagen, og lite krefter å mobilisera når viktige tenester forsvinn.

Tenestenivået er framleis forsvarleg, blir det hevda. Det spørst.

Det er vel heller slik at konsekvensane viser seg andre stader: I behovet for akutt hjelp, auka press på andre tenester, meir utanforskap, utfordringar med psykisk uhelse og oppfølging av utslitte pårørande. Dei det går utover taper, og vi som samfunn taper. Førebygging er så mykje betre og billigare enn å reparera i etterkant.

Vi i MDG leverte eit budsjett som var i balanse, der vi unngjekk mange av dei mest krevjande kutta.

Budsjettet var saldert med eigedomsskatt. Vi veit utmerkt at ei slik kommunal rekning – på toppen av mange andre – ikkje vert omfamna av innbyggjarane.

Når det er sagt, så har tilbakemeldingane den siste tida gjort oss endå tryggare på at innføring av eigedomsskatt har modna betrakteleg hos stadig fleire bjørnafjordingar. Innbyggjarane våre bryr seg om sine sambygdingar og lokalsamfunna sine. Dei ser at eigedomsskatt er eit bidrag til fellesskapet, eit bidrag som gjev i mangfald tilbake.

Desse tenestene og mange andre, som er kutta hos Frp/H, vidareførte vi i vårt budsjett:

  • Torsdagsgruppa
  • Eikelandsosen vaktstasjon
  • Kreftkoordinator
  • Prosjekt omsorgstrappa
  • Crux Vindfanget
  • Psykisk helse og rustenester
  • Friskliv- og meistringstilbod
  • Ungdomsteam og erfaringskonsulent
  • Kommunepsykolog
  • Brøyting og veglys

MDG meiner det ansvarlege er å utnytta inntektspotensialet som ligg i eigedomsskatt. Slik også storparten av Norges kommunar gjer.

Eigedomsskatt er ikkje uproblematisk, men kan med god innretting bidra til ei meir rettvis og sosial fordeling. Og vi slepp å byggja ned tenester som vi veit vi treng.

Søviknes vil no delta i eit kommuneopprør om kommunefattigdom og seier vi kjem dårlegast ut (meir om saka på osogfusa.no).

Politikarane har visst i mange år at kommunen har svake inntekter, men fleirtalet i kommunestyret vil ikkje bruke det einaste økonmiske verktøyet som kommunen sjølv kan kontrollera.

Under budsjettdiskusjonen i kommunestyret sa varaordførar Marie Bruarøy (H) at kutta smerta. Vi har ingen grunn til å tvila på det.

Ho sa vidare at ho kom til å få kjeft for ein del av dei mest drastiske tiltaka – også sentralt. Mon det. Det blir nok heller applaus for vel levert.

Høgreleiar Erna Solberg gjekk jo nettopp til val på at skattar og avgifter ikkje skulle auka i kommunar der Høgre styrer. Ei ærleg sak det. Men igjen; ein plass skal pengane hentast. Nokon må betala rekninga.

H/Frp har sendt den til dei mest sårbare gruppene. Det er kynisk og det er kortsiktig og uklok økonomistyring.

Nils-Anders Nøttseter, Marie Hauge og resten av budsjettgruppa i Miljøpartiet Dei Grøne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.