Lokal | 19. nov. 2020

Sju nye smittetilfelle

Etter ein heil-negativ tysdag kom ein rekord-positiv onsdag.

Sju nye smittetilfelle
Koronaviruset. (Foto FHI)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. nov. 2020 10:21

Onsdag kunne Bjørnafjorden kommune rapportera om null påviste tilfelle av covid-19 tysdag.

No har rapporten for onsdag 18. november kome - med 7 nye smitta i Bjørnafjorden kommune.

Gårsdagen tangerer to andre rekorddagar med 7 smittetilfelle på éin dag. Fredag 13. november og måndag 16. november hadde òg 7 smitta per dag.

Til samanlikning var det 14 smittetilfelle til saman frå mars til august (i praksis frå 11. mars til 14. april).

Dette er dei i Bjørnafjorden som fekk påvist covid-19 onsdag:

  • Jente i slutten av tenåra
  • Kvinne i 20-åra
  • Mann i 20-åra
  • Kvinne i 40-åra
  • Kvinne i 40-åra
  • Kvinne i 40-åra
  • Mann i 50-åra
  • Kvinne i 50-åra

6 av 7 er smitta av nærkontaktar heime i Bjørnafjorden kommune. Det siste tilfellet, mannen i 20-åra, har ukjent smitteveg.

Det er foreløpig ikkje sagt noko om jenta i slutten av tenåra er elev nokon stad, at det fører til karantene for elevar. På direkte spørsmål svarer kommunen at dei ikkje har fått melding om ny runde med karantene ved nokon skule til no.

Datoane* for dei smitta i Bjørnafjorden til no

* dato for offentleggjering via kommunen. Vedkomande kan ha fått konstatert smitte éin eller fleire dagar før.

14 smitta i vår:
11. mars: Mann i 50-åra, smitta etter utanlandsreise.
14. mars: Mann i 50-åra og mann i 30-åra, ein av dei etter utanlandsreise.
20. mars: Kvinne i 20-åra, den første smitta på Fusa-sida av kommunen.
21. mars: Mann og kvinne i 40-åra.
23. mars: Fire nye smittetilfelle. Alle er i nær relasjon til ein annan smitta. Kjønn og alder er ikkje opplyst om.
4. april: Kvinne i 30-åra. Første konstaterte smitta på 12 dagar.
7. og 8. april: Smittetilfelle nummer 13 og 14, ein mann i 20-åra og ei ti år gamal jente.
14. april: Ektepar i 70-åra.

Til no 68 smitta i haust:
10. august: To i 20-åra etter utanlandstur.
(14. august: Soldat smitta i Ulven leir)
17. august: Mann i 20-åra smitta etter lengre opphald i utlandet.
21. august: Kvinne i 20-åra smitta innanlands, men i ein annan kommune.
26. august: Kvinne i 20-åra. Ho har vore i nærkontakt med kvinna som blei konstatert smitta 21. august, og er med andre ord den første i haust som er smitta internt i Bjørnafjorden kommune.
5. september: Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er kjent.
7. september: Mann i 30-åra.
11. september: 12 år gamal elev ved Os barneskule er smitta etter kontakt med ein smitta frå ein annan kommune.
13. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
14. september: Kvinne i 20-åra, smitta av nærkontakt frå ein annan kommune.
16. september: To kvinner i 20-åra, smitta i Bergen.
17. september: Mann i 20-åra, smitta i Bergen, same stad som tre andre i 20-åra, meldt 13. og 16. september.
14. oktober: Mann i 20-åra.
14. oktober: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
16. oktober: Mann i 40-åra, smitta ved arbeidsstad i utlandet.
16. oktober: Mann i 20-åra, smitta i Bergen.
16. oktober: Kvinne i 20-åra, smitta i Oslo. Kvinna er folkeregistrert i Oslo, men har vore på besøk i Bjørnafjorden.
17. oktober: Mann i 40-åra. Smitteveg foreløpig ukjent.
22. oktober: Kvinne i 20-åra, frå Os-sida av kommunen, smitta ved arbeidsplass i Bergen.
25. oktober: Kvinne i 40-åra. Ukjent smitteveg.
28. oktober: Sambuarpar i 20-åra, smitta i Bergen.
29. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen, utan nærkontaktar i Bjørnafjorden.
29. oktober: Lærar ved Søfteland barneskule. 30 elevar hamna i karantene.
31. oktober: Kvinne i 30-åra, smitta i Bergen.
31. oktober: Tilsett ved Lurane. 5 kollegaer og 10 bebuarar i karantene, ingenmed symptom.
1. november: Mann i 30-åra, smitta i Bergen.
1. november: Kvinne i 60-åra, smitta i Bergen.
2. november: Mann i 30-åra, smitta av familiemedlem.
2. november: Kvinne i 40-åra, ukjent smitteveg.
3. november: Mann i 50-åra, smitta av nærkontakt han var i karantene med.
(6. november: Kvinne i 50-åra, smitta i utlandet, var i karantene i Bjørnafjorden)
6. november: Jente i tenåra, smitta i ein annan kommune
8. november: Tre menn i 20-åra, ikkje relatert til kvarandre, smitta i ein annan kommune
9. november: Tilsett ved Luranetunet. 16 bebuarar og 7 tilsette i karantene.
9. november: Jente i tenåra. Heile 8. trinn ved Os uskule og fleire ved Ung Arena i karantene
(11. november: Elev ved Os vgs som bur i ein annan kommune og testa seg der.)
12. november: Kvinne i 20-åra smitta i Bergen.
12. november: Kvinne i 30 åra og to menn i 30-åra, kjent smitteveg.
13. november: Gut i 3. trinn på Os barneskule.
13. november: Kvinne i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 30-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Mann i 50-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Kvinne i 40-åra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
13. november: Jente i tenåra. Kjend smitteveg.
(14. november: Elev på 10. trinn ved Nore Neset uskule, testa i ein annan kommune)
15. november: Mann i 60-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Mann i 40-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bjørnafjorden.
15. november: Kvinne i 50-åra. Nærkontakt til bekrefta smitta i Bergen.
15. november: Kvinne i 40-åra. Uavklart smitteveg.
16. november: Jente på 3 månader. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Mann i 30-åra. Smittesporing pågår
16. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
16. november: Kvinne i 30-åra. Ukjend smitteveg.
16. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
17. november: Null smittetilfelle.
18. november: Jente i slutten av tenåra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 20-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Mann i 20-åra. Ukjend smitteveg.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 40-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Mann i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.
18. november: Kvinne i 50-åra. Smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.